Muntlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til næringsministeren

Om ikkje ei matkastelov kunne vore med og betra situasjonen med matsvinn i daglegvarebransjen, med bakgrunn i at bransjen har kutta sitt matsvinn med 12 pst., sjølv om målet var det dobbelte

Datert: 25.10.2017
Besvart: 25.10.2017 av næringsminister Monica Mæland

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Eg har eit spørsmål til næringsministeren, for i Stortinget den 10. januar 2017 blei det vedteke at regjeringa skulle greie ut ei matkastelov. 60 000 tonn mat blir kasta årleg, og vi har medmenneske som må leggje seg svoltne. Vi har friviljuge som vil vere ein link her, og som vil vere med og betre den situasjonen. Difor sa Stortinget at meir mat skal i magen på dei som treng det, og mindre skal i bosset. No har det gått snart eitt år, og vi har fått tilbake eit statsbudsjett der det endeleg kjem nytt om denne utgreiinga som skulle kome. I framlegget til statsbudsjett står det: «Utgreiinga konkluderer med at det ikkje synest å vere nødvendig med ei matkastelov på det noverande tidspunkt.»

Eg veit at dette er noko som står i Landbruksbudsjettet, men det er næringsministeren som har ansvaret for daglegvarebransjen. I perioden 2010–2015 har denne bransjen kutta sitt matsvinn med 12 pst., sjølv om målet var det dobbelte, nemleg 25 pst. Det var eit mål dei sa dei kunne klare å nå, men dei klarte det ikkje med dei verkemidla som vi hadde. Bransjeavtale med dei viktige aktørane er vel og bra, men meiner statsråden at ei matkastelov ikkje kunne vore med og betra denne situasjonen?


Les hele debatten