Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane

For stortingsperioden 2021–2025 er det valgt inn fire representanter fra Sogn og Fjordane.

Representantene er fordelt på følgende partier: Senterpartiet (1), Arbeiderpartiet (1), Høyre (1) og Venstre (1).

I Grunnloven står det at Norge har 19 valgdistrikter. I valgloven er disse listet opp, og de samsvarer med fylkesinndelingen i Norge før regionreformen.

Innvalgte og fast møtende representanter

5 siste spørsmål til statsrådene fra valgdistriktets representanter

  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Då kommunal- og distriktsministeren i februar 2024 ga det nederlandske selskapet Bontrup grønt lys til å sprenge ut fjellet Aksla i Bremanger i eit særmerkt og urørt natur- og kulturlandskapsområde av nasjonal verdi, i strid med alle faglege råd og til internasjonale protestar, var departementet då kjend med at selskapet sin reelle plan med prosjektet er å bygge eit storskala vasskraftverk med eit framtidig vassbasseng på 180 mill. m³, og i tilfelle ikkje – korleis ville det ha påverka måten saka vart handsama på i forvaltinga?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Kan næringsministeren gi ei oppdatert oversikt over utviklinga i tal nye gründerar, tal nye tidlegfasebedrifter med vekstpotensial, tal investeringar frå venturemiljø i norske selskap og tal søknader til Innovasjon Norge sine tidlegfasevirkemiddel frå 2015 fram til i dag, helst oppdatert med tal frå 1. kvartal 2024 samanlikna med 1. kvartal i åra før?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Meta, som eig dei sosiale nettverka Facebook, Messenger, Instagram og WhatsApp, har nylig opna eit KI-senter i Oslo. Sist veke varsla Meta at dei endrar reglane frå 26. juni slik at dei kan bruke alle foto du har lagt ut i Meta sine sosiale nettverk til å trene opp KI-modellar. Meiner Digitaliseringsministeren dette er akseptabelt av eit selskap som opererer i Noreg og har ein så dominerande plass i folk sin kvardag - og viss ikkje, vil statsråden straks ta opp saka med Meta og be dei respektere personvernet til norske brukarar?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Pasientar som treng rehabilitering i spesialisthelsetenesta melder no i aukande grad om at dei får avslag. Har det skjedd ei omlegging eller innskjerping i dagens praksis for kven som får rehabilitering i spesialisthelsetenesta, og er talet på pasientar som får avslag aukande?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Nye tal i RNB 2024 syner at regjeringa, stikk i strid med tidlegare progonosar og med regjeringa sin retorikk om «rekordhøge investeringar i næringslivet», ventar at investeringane i norske bedrifter på fastlandet vil gå ned med 2,6 % i 2024 og endå meir ned neste år. Kan finansministeren gi eit oversyn over utviklinga i kvartalsvise sesongjusterte investeringar frå 1. kvartal 2022 til 1. kvartal 2024 i høve nasjonalregnskapet (SSB) for fastlandsnæringslivet - altså med petroleumssektoren og offentleg forvalting trekt frå?

Representantforslag fremmet av valgdistriktets representanter

Se alle