Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Skatte- og avgiftslovgivinga mv

Ot.prp. nr. 59 (2007-2008), Innst. O. nr. 70 (2007-2008), beslutning. O. nr. 106-113 (2007-2008)

Status: Lovsaka er ferdigbehandla og sanksjonert i statsråd. Lova gjeld frå det tidspunktet som blir bestemt i lova, eller som regjeringa bestemmer.

Lovforslag frå FinansdepartementetSaka er behandla i finanskomiteenTilråding levert 13.06.2008Innst. O. nr. 70 (2007-2008)

Saksgang

Status

  • Vedtak i kortversjon

    Odelstinget har vedteke endringar i skatte- og avgiftslovgivinga. Tidsperioden for overgangsregelen for reiarlagsskatteordninga vart forlenga, slik at selskap som trer inn i ordninga 1. januar 2009, skal basere verdsetjinga på verdiane i rekneskapen. Ordlyden i skattelova § 8-14 fjerde ledd er endra, for å presisere at regelen skal gjelde alle typer realiasjon, ikkje berre sal. Endringa har verknad frå og med inntektsåret 2007, likevel slik at inntektsoppgjer berre skal gjennomførast ved realisasjon av part frå og med 5. oktober 2007. Grensa for fritak for arbeidsgivaravgift for private arbeidsoppdrag i heimen vart auka til 60 000 kroner og fiskarfrådaget vart auka til 115 000 kroner. Dei fleste endringane vart enstemmig vedteke, men Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre hadde nokre alternative forslag, blant anna at endringane i skattelova § 8-14 fjerde ledd skulle ha verknad frå og med inntektsåret 2008 og ulike forslag om høgare fiskarfrådrag.

  • Behandling og vedtak

    Lovsaka er ferdigbehandla

  • Behandling og tilråding

    Tilråding levert 13.06.2008

    Behandla i Odelstinget: 17.06.2008

    Behandla i Lagtinget: 20.06.2008