Interpellasjon fra John Dale (Sp) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 46 (1996-97)
Datert: 24.04.1997
Svart på: 02.06.1997 av utenriksminister Bjørn Tore Godal

John Dale (Sp)

Spørsmål

John Dale (Sp): Eit fleirtal i Stortinget har lagt til grunn at EØS-avtalen er avgjerande viktig for norsk næringsliv. Difor har Norge, så lenge avtalen gjeld, akseptert å gje avkall på deler av sin suverenitet. På dei område EØS-avtalen gjeld, fungerer Stortinget i praksis einast som eit råds- og kontrollorgan, men med avgrensa tilgang på informasjon.
Kan Regjeringa i lengda forsvare eit slik omfattande tap av demokrati, når det dessutan ikkje kan dokumenterast at næringslivet samla sett tener på avtalen, samanlikna med tilhøva under den tidlegare frihandelsavtalen?