Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til kommunalministeren

Interpellasjon nr. 22 (1990-91)
Datert: 11.01.1991
Svart på: 21.03.1991 av kommunalminister Kjell Borgen

Børre Rønningen (SV)

Spørsmål

Børre Rønningen (SV): "Over 3 500 familier og einslege med betalingsvanskar vart kasta ut av sin bustad i 1990. Dette inneber ein auke på om lag 25% i høve til 1989. Hovedtyngda av dei som ikkje klarar sine forpliktelsar er yngre familiar. Arbeidsløysa og situasjonen på kredittmarknaden er vesentlege årsaker til at stadig fleire må gå frå hus og heim.
Situasjonen er særleg vanskeleg for dei mange der huset må realiserast til prisar langt under faktisk gjeld, slik at dei vert ståande utan bustad og med stor gjeld.
Kva for tiltak vil statsråden sette inn på kort og lang sikt for å betre situasjonen for alle dei som har problem med å betjene bustadlåna til dømes i Husbanken?"