Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til nærings- og energiministeren

Interpellasjon nr. 4 (1992-93)
Datert: 17.12.1991
Svart på: 28.05.1993 av nærings- og energiminister Finn Kristensen

Børre Rønningen (SV)

Spørsmål

Børre Rønningen (SV): "I ei oversikt som SV fekk utarbeidd for året 1991, visa det seg at berre inntil halvparten av løyvingane til DU, Industrifondet og Småbedriftsfondet vart brukte. DU brukte pr. 31.10.91 berre 50% av ei totalramme lokalt på 528,3 mill. kroner. Når det gjaldt Industrifondet vart mellom 2,5 og 50% av rammene til garantiar, FOU og gjeldsbrevlån brukte dette året. Situasjonen var den samme for Småbedriftsfondet. I 1992 var situasjonen om lag den samme med ubrukte løyvingar på ca. 1,4 mrd. kroner på tampen av budsjettåret. Dette er alvorleg i ei tid der landet treng knoppskyting, omstilling og auka verdiskaping i arbeids- og næringsliv.
Korleis er situasjonen i dag for nyskapningen SND, og kva for tiltak vil Regjeringa eventuelt setje i verk for å nå politiske mål og sikre at løyvingane under SND vert brukte etter intensjonane?"