Interpellasjon fra Ole Gabriel Ueland (Sp) til nærings- og energiministeren

Interpellasjon nr. 12 (1992-93)
Datert: 26.10.1992
Svart på: 11.02.1993 av nærings- og energiminister Finn Kristensen

Ole Gabriel Ueland (Sp)

Spørsmål

Ole Gabriel Ueland (Sp): "Etter at den nye energilova trådte i kraft, har gjennomsnittsprisen på el-kraft falle mykje. Milde vintrar og store nedbørsmengder har ført til at tilbodet på tilfeldig kraft har auka. Saman med lågkonjunktur i industrien har nok dette vore årsaka til at langt fleire ynskjer å kjøpe tilfeldig kraft i staden for å binda seg til langsiktige kontraktar.
Slik kraftprisane no har utvikla seg, kan både kraftverk av nyare dato og kommunar og fylkeskommunar få store problem.
Kva for moglegheiter ser Regjeringa for å skaffa betre balanse og stabilitet i kraftmarknaden som kan tena både produsent og forbrukar av elektrisk kraft?"