Interpellasjon fra Kjellbjørg Lunde (SV) til nærings- og energiministeren

Interpellasjon nr. 28 (1992-93)
Datert: 26.02.1993
Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

Kjellbjørg Lunde (SV)

Spørsmål

Kjellbjørg Lunde (SV): "I januar 1993 gjekk det uvanleg mange og store snøskred i Noreg. Berre i ein tre-vekers periode vart det registrert nærare 100 skred med dels store materielle skader og også med tap av menneskeliv.
I dei seinare åra har løyvingane til forsking om skredproblem og til sikring av skredutsette område blitt sterkt reduserte. Løyvingane til Norges Geotekniske Institutt er reduserte til om lag ein tidel dei siste tjue åra, samstundes som Statens Naturskadefond får lite midlar til rådvelde til forebyggjing og sikring mot skred i utsette område.
Vil statsråden syte for eit så høgt nivå på snøskredforskinga at ein kan gje naudsynt rådgiving til kommunar og andre, og slik at utsette område kan sikrast?" (Bortfalt)