Interpellasjon fra Olav Akselsen (A) til handelsministeren

Interpellasjon nr. 10 (1995-96)
Datert: 09.10.1995
Svart på: 08.03.1996 av handelsminister Grete Knudsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): "Fritidsflåten vår er i sterk vekst. Båtane vert større og motorane kraftigare. Fleire og raskare båtar har ført til ein ny situasjon på kysten vår. Talet på ulykker har auka, og alle som ferdast på sjøen vert vitne til rein galmannskjøyring med båt. Denne utviklinga har funne stad i tilstrekkeleg grad utan at det har vert lagt vekt på dei krav og reglar som må gjelda for båtfolket, og utan tilstrekkeleg kontroll med det som skjer langs kysten vår.
Kva verkemiddel vil Regjeringa setja i verk for å tryggja ferdsla på sjøen?"