Interpellasjon fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Interpellasjon nr. 14 (2000-2001)
Om arbeidsopplegget for Utlendingsnemnda, og at asylsøkjarar ikkje opplever den styrkinga av rettstryggleiken som nemndsarbeidet skulle vareta
Oversendt regjeringen: 02.02.2001
Svart på: 21.02.2001 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Utlendingsnemnda, som er oppretta etter vedtak i Stortinget, starta arbeidet 1. januar 2001. Det kjem urovekkjande meldingar, både frå enkelte medlemmer i nemnda og frå asylsøkjarar og lokalsamfunn. Medlemmer i nemnda er misnøgde med at dei ikkje har hatt høve til å påverke arbeidsopplegget for nemnda. Asylsøkjarar og lokalsamfunn er urolege då dei ikkje opplever den styrkinga av rettstryggleiken som nemndsarbeidet skulle ivareta.
Kva initiativ vil statsråden, som har det administrative ansvaret for Utlendingsnemnda, ta for å sikre at arbeidet i nemnda blir lagt opp på ein så god måte som mogleg?

Les heile debatten