Interpellasjon fra Hallgeir H. Langeland (SV) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 15 (2000-2001)
Oversendt regjeringen: 08.02.2001
Spørsmålet er trekt tilbake

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): USA har lenge arbeidd med planar for utplassering av eit nasjonalt rakettforsvar (NMD), og ulike kjelder, m.a. russiske, har knytt ein radar i Vardø til planane. President Bush og den nye amerikanske administrasjonen har sagt at dei vil utvikle og utplassere NMD. Det er stor skepsis til dette i heile verda. Dette m.a. fordi eit amerikansk rakettforsvar vil bryte med den viktige ABM-avtalen frå 1972. Det verste er likevel at ei utplassering av NMD vil utløyse ein ny rustningsspiral, noko Russland og Kina har allereie varsla, og andre land, som India og Pakistan, kan følgje etter.
Kva har Norge gjort for å klargjere at radarsystem på norsk jord ikkje inngår i planane og for å sørgje for at USA ikkje går vidare med NMD, og kva vil utanriksministeren sjølv gjere, eventuelt i samarbeid med andre NATO-land for å stanse USA i å utvikle og utplassere eit slikt rakettforsvar, som altså kan starte eit nytt atomvåpenkappløp?