Interpellasjon fra Torstein Rudihagen (A) til landbruksministeren

Interpellasjon nr. 3 (2001-2002)
Om meir heimebasert produksjon og foredling i landbruket utan å svekkje kravet til matkvalitet, og om problema eit svært detaljert regelverk skapar for slik verksemd
Oversendt regjeringen: 29.11.2001
Svart på: 22.01.2002 av landbruksminister Lars Sponheim

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Verdiskapingsprogrammet i landbruket har som mål ein høgare verdiskaping gjennom å stimulere til auka utnytting av marknadsmoglegheitene både innafor primærproduksjon og foredling. Matproduksjonen er regulert gjennom ei svært detaljert lovgiving som stort sett er harmonisert med EU gjennom EØS-avtala. Det er sjølvsagt heilt overordna at vi har regelverk og kontrollordningar som sikrar at all mat som blir omsett er trygg. Likevel er det nå eit problem at ein småskala nisjeproduksjon på gardsbruket hos den vesle næringsmiddelprodusent ikkje vil ha moglegheit for å kunne tilfredsstille dagens detaljerte regelverk.
Korleis vurderer statsråden moglegheiten for å få til ein endring, slik at det blir mogleg med meir heimebasert produksjon og foredling utan at ein svekker kravet til matkvalitet, og kva gjer Regjeringa for at verdiskapingsprogrammet også kan bli utvikla på dette området?

Les heile debatten