Interpellasjon fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Interpellasjon nr. 16 (2001-2002)
Om at nye reglar for attføring og rehabiliteringspengar kan ha fått utilsikta utslag med sterk reduksjon i ytingane for einskilde, og om personelltilhøva i Aetat
Oversendt regjeringen: 12.02.2002
Svart på: 08.03.2002 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Frå nyttår vart det sett i verk nye reglar for attføring og rehabiliteringspengar. Reaksjonar frå brukarane tyder på at reglane kan ha fått utilsikta utslag med sterk reduksjon i ytingane for einskilde. Dei nye reglane krev stor ekstrainnsats frå arbeidsmarknadsetaten. Dette gjer det vanskelegare å gje brukarane hjelp og rettleiing. Samstundes har Regjeringa svekt etaten sitt budsjett monaleg.
Kva er statsråden si vurdering av desse utslaga, og korleis vurderer statsråden personelltilhøva i etaten?

Les heile debatten