Interpellasjon fra Jon Lilletun (KrF) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 2 (2003-2004)
Om norsk medverknad til demokratiske reformer og auka respekt for menneskerettane på Cuba
Oversendt regjeringen: 14.05.2003
Svart på: 16.10.2003 av utenriksminister Jan Petersen

Jon Lilletun (KrF)

Spørsmål

Jon Lilletun (KrF): På Cuba har det den seinare tid vore ei auke i arrestasjonar av opposisjonelle, uavhengige journalistar og representantar for det sivile samfunn. Denne bølgja av arrestasjonar strir mot prinsippet om ytringsfridom, og styresmaktene på Cuba bryter dei grunnleggjande sivile og politiske rettane. Makteliten på Cuba har ikkje vist nokon reformvilje, trass i internasjonale fordømmingar. Noreg har i FN tatt avstand frå brota på menneskerettane og mangel på demokrati på Cuba. Noreg har gitt uttrykk for at den beste måten å oppnå reformer på er ved kontakt med cubanarane, og Noreg hadde derfor tidlegare ein dialog med Cuba om menneskerettar. Denne dialogen blei suspendert av Cuba i 2000.
Korleis kan den norske Regjeringa medverka til demokratiske reformer og auka respekt for menneskerettane på Cuba?

Les heile debatten