Interpellasjon fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Interpellasjon nr. 38 (2003-2004)
Om å gjera greie for effekten av kommunesamanslåingar som er gjennomførde, i høve til økonomi, tenestetilbod og lokalt demokrati
Oversendt regjeringen: 15.04.2004
Svart på: 06.05.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kommunenes Sentralforbund (KS) har saman med departementet sett i gong ei drøfting av kva som er ein tenleg kommunestruktur. Vedtaket i KS understrekar friviljug samanslåing som grunnlag for eventuelle endringar. Statsministeren har fleire gonger stadfesta støtte til dette synet. Trass i dette hevdar statsråden at det kjem ein runde med tvangssamanslåing av kommunar. Senterpartiet er oppteken av ein effektiv og god kommunesektor, der nærleik mellom innbyggjarane og dei folkevalde er ein viktig faktor. Fleire undersøkingar viser at slik nærleik og kvalitet opplevest sterkast i mindre kommunar. Statsråden sår stadig tvil om kva tenester mindre kommunar kan tilby, kva fagkompetanse dei innehar og korleis dei nyttar midlane. Eg ber statsråden gjere greie for kva erfaringar ein har med dei kommunesamanslåingane som alt er gjennomførde.
Har desse gitt ein positiv effekt i høve til økonomi, tenestetilbod og styrking av lokalt demokrati?

Les heile debatten