Interpellasjon fra Jon Lilletun (KrF) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 4 (2005-2006)
Om tiltak for å auke vernet om trusfridomen, på bakgrunn av dei mange grove brota på menneskerettane i ei rekkje land
Oversendt regjeringen: 17.11.2005
Svart på: 08.02.2006 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Jon Lilletun (KrF)

Spørsmål

Jon Lilletun (KrF): Artikkel 18 i Konvensjonen om sivile og politiske rettar slår fast at alle har rett til åleine eller saman med andre å utøve sin religion, privat og offentleg. Trass i dette skjer det brot på religionsfridomen i ei rekkje land, og mange vert krenkte for si trus skuld. I fleire land gjev ikkje styresmaktene innbyggjarane sine effektivt vern, og mange religiøse minoritetar vert møtte med unødvendig brutal bruk av makt frå styresmaktene. I Kina og Vietnam vert kristne og muslimske leiarar forfølgde og dømde til døden. I Turkmenistan ser vi ein auka religiøs intoleranse. I Pakistan, Egypt og Iran risikerer konvertittar livet. På bakgrunn av dei mange grove brota på menneskerettane er det behov for å auke presset på statar som krenkjer trusfridomen.
Kva vil utanriksministeren gjere for å auke vernet om trusfridomen?

Les heile debatten