Interpellasjon fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 19 (2009-2010)
Om å ta initiativ til utreiing av eit "supernett" for framføring av elektrisk kraft i sjøkabel langs kysten og til Europa
Oversendt regjeringen: 16.12.2009
Svart på: 02.02.2010 av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Ein god infrastruktur for overføring av elektrisitet er avgjerande for utviklinga av fornybar energiproduksjon, forsyningstryggleik og ein fornuftig bruk av energiressursane. Eit nytt 3. generasjons hovudnett for overføring av kraft i sjøkabel langs kysten, eit såkalla "supernett", vil kunne være viktig i så måte. Eit slikt nett vil også være viktig i forhold til utenlandsforbindelsane til Storbritannia og Kontinentet, samt eventuell elektrifisering av installasjonar på sokkelen. Eit slikt nett kan også redusere behova for store kraftlinjer på land. Utbygging av eit slikt nett kan kreva ein anna teknologi enn det vi har for kraftoverføring på land.
Vil Regjeringa ta initiativ til slik utreiing av eit "supernett" for framføring av elektrisk kraft i sjøkabel langs kysten og til Europa?

Les heile debatten