Interpellasjon fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Interpellasjon nr. 4 (2014-2015)
Om styrkjing av HMT-arbeidet på norsk sokkel, og om statsråden sine ambisjonar på dette området
Oversendt regjeringen: 19.06.2014
Svart på: 11.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Noreg har ei snart 50 år lang historie som olje- og gassnasjon. I denne bransjen finn vi mange av våre mest kompetente fagarbeidarar, og dei rundt 25 000 som jobbar på sokkelen, gjer eit viktig bidrag til vår samla verdiskaping. Utvinning av olje og gass skjer ikkje utan risiko, både for generelle arbeidsulukker og storulukker. Mykje har skjedd innafor helse, miljø og tryggleik sidan pionertida på 1970- og 1980-talet. I Noreg har trepartssamarbeidet om HMT-arbeidet gitt resultat, og mange ser til oss og arbeidet vi har gjort. Likevel ser ein tendensar til at ein går frå demokratiske til meir autoritære styrings- og leiingsideal, der selskapa i større grad enn før nyttar styringsretten framfor samarbeid med organisasjonane. Stoltenberg-regjeringa hadde som ambisjon at Noreg skulle vere verdsleiande innafor HMT på sokkelen.
Kvifor har ikkje statsråden den same ambisjonen, og korleis vil han styrkje HMT-arbeidet på norsk sokkel?

Les heile debatten