Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 7 (2017-2018)
Om å sikre fullverdig helsehjelp for personar med psykiske lidingar og å rette opp forskjellsbehandling etter diagnose
Oversendt regjeringen: 19.12.2017
Svart på på vegner av: Helse- og omsorgsministeren
Svart på: 30.01.2018 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Folkehelseinstituttet har i ein nyleg studie påvist at dei fleste med vanlege psykiske lidingar i Noreg ikkje blir behandla. Blant dei som hadde depresjon, hadde to tredjedelar korkje fått depresjonsdiagnose eller behandling fordi dei anten ikkje hadde oppsøkt hjelp eller problema ikkje vart fanga opp av helsepersonell. Blant dei som hadde ei angstliding, hadde om lag 80 prosent anten ikkje hatt kontakt med helsetenesta eller ikkje fått hjelp då dei gjekk til lege. Statistikk frå Helsedirektoratet, jf. Dagens Medisin 15. august 2017, viser at omkring ein tredjedel av tilvisingane til behandling i psykisk helsevern for vaksne blir avviste. Det er dobbelt så stor risiko for å bli avvist i psykisk helsevern for vaksne som til ortopedisk undersøking.
Kva gjer regjeringa for å sikre fullverdig helsehjelp for personar med psykiske lidingar og for å rette opp forskjellsbehandling etter diagnose?

Les heile debatten