Interpellasjon fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Interpellasjon nr. 26 (2018-2019)
Om utvikling av Fjellregionen og Valdres med næringsliv, samferdselsprosjekt, styrking av fylkeskommunen og statlege arbeidsplasser
Oversendt regjeringen: 20.12.2018
Svart på: 15.01.2019 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Utvikling av Fjellregionen vil gi ringverknadar i store delar av Sør-Noreg, og dalføret Valdres med sine seks kommunar er sentralt her. Regionen har stor verdiskaping og særeigne verdiar, som innan turisme og landbruk. Samstundes knytter vegane frå vest, sør og nord store delar av Sør-Noreg saman. Statlege investeringar og arbeidsplassar ved mellom anna NIBIO og Statens vegvesen er viktige. Manglande infrastruktur som god veg, mobildekning og tilgang på internett hindrar utvikling. Regionen treng auka kompetanse og innovasjon i offentleg og privat sektor framover, i tråd med utviklinga i samfunnet og dei auka forventingane frå innbyggjarane og styresmaktene.
Korleis vil regjeringa utvikle Fjellregionen og Valdres med næringsliv, samferdselsprosjekt, styrking av fylkeskommunen og statlege arbeidsplasser?

Les heile debatten