Interpellasjon fra Ingrid Heggø (A) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 3 (2019-2020)
Om mistru og tap av tillit til sentrale styresmakter i samband med utbygginga av vindkraft, som mange borgarar opplever som statleg godkjende overgrep mot natur og menneske
Datert: 30.09.2019
Svart på: 22.10.2019 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I bygdelag og øysamfunn rundt om i Noreg er utbygginga av vindkraft i ferd med å skape ei mistru og eit tap av tillit til sentrale styresmakter som er veldig alvorleg. Tusenvis av norske borgarar føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som statleg godkjende overgrep mot natur og menneske, at grunnleggande lovverk som skal verne menneske, dyr og natur, blir tilsidesett og oversett. Utbyggingar skjer i strid med kommuneplanar, med store avvik og endra føresetnader, og blir iverksett før ankehandsaming er ferdig. Dette gjeld både nye prosjekt og endring av opphavlege konsesjonssøknader. Folkeopprøret på Haramsøy, Frøya, Bremanger og i mange andre bygdelag og øysamfunn gjer sterkt inntrykk, og ikkje minst korleis dei føler seg behandla av NVE og Olje- og energidepartementet.

Kva er statsråden sitt svar til tusenvis av norske borgarar som opplever at statlege vedtak går sterkt ut over helse, livskvalitet, bulyst og tillit?

Les heile debatten