Interpellasjon fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Interpellasjon nr. 59 (2020-2021)
Om årsaka til at Flåmsbana og Flåm som destinasjon har vakse til å bli ein milliardindustri medan Raumabana ikkje har sett ei slik utvikling, og om det å nytte knappe offentlege midlar innan persontransport på å utvikle turistmål
Oversendt regjeringen: 15.04.2021
Svart på: 10.05.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): I Jernbanemagasinet nr. 7-2008 kan ein lese at dåverande NSB var svært nøgd med turistsesongen på Flåmsbana og Raumabana. For Raumabana var 2008-sesongen starten på ei satsing NSB lova skulle vere langsiktig. Etter snart 13 år kan ein slå fast at medan destinasjonen Flåm og Flåmsbana har hatt svært stor vekst og utvikling som turistmål, er Raumabana enno svært langt frå slike resultat. Ein har vel heller ikkje lokalt sett den store satsinga frå NSB/Vy. Då må ein finne ut kva som har vore suksesskriteria i Flåm, og korleis desse kan overførast til Raumabana for å utvikle ho til eit attraktivt turistmål.
Kva meiner statsråden er årsaka til at Flåmsbana og Flåm som destinasjon har vakse til å bli ein milliardindustri medan Raumabana ikkje har sett ei slik utvikling, og meiner statsråden at det er ei statleg kjerneoppgåve å nytte knappe offentlege midlar innan persontransport på å utvikle turistmål?

Les heile debatten