Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Rommetveit, Magne (1 - 20 av 23)
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:334 (2019-2020)

    Innlevert: 18.11.2019

    Sendt: 18.11.2019

    Svart på: 21.11.2019 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Kvifor nektar Arbeids- og sosialdepartementet meg som stortingsrepresentant og medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen å møta leiinga saman med dei tillitsvalde i NAV-Sunnhordland når komiteen nå har til behandling sak: «Vedr. Praktiseringen av EUs trygdeforordning 883/2004 artikkel 21.»?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:3 (2019-2020)

    Innlevert: 01.10.2019

    Sendt: 01.10.2019

    Svart på: 08.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Regjeringa har som kjent innført ei forskotteringsordning for fiskerihamner, der Bømlo ikkje nådde opp korkje i første runde eller i andre tildelingsrunde. Den reviderte samfunnsnytteanalysen for fiskerihamna i Bømlo syner at prosjektet kjem særs godt ut samanlikna med mange andre. Kva vurderingar og kriterier ligg til grunn for utveljinga av dei prosjekt som no får høve til å delta i ordninga med forskottering?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til justis- og innvandringsministeren

    Dokument nr. 15:2300 (2018-2019)

    Innlevert: 19.09.2019

    Sendt: 19.09.2019

    Svart på: 24.09.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

    På mitt spørsmål nr. 2182 om statsråden ville syta for at det ikkje vert teke stilling til felles leiing av Sunnhordland og Haugaland tingrett før etter at Domstolkommisjonen sitt forslag til domstolstruktur er ferdig handsama, svarte statsråden at DA har opplyst at konstitusjonen vil måtte bli forlenget i påvente av at saken er ferdig behandlet. Det kan no sjå ut for at DA likevel jobbar med sak med sikte på felles leiing. Kan dette stemma når Stortinget ikkje ennå har handsama saka om domstolstrukturen?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:2297 (2018-2019)

    Innlevert: 17.09.2019

    Sendt: 18.09.2019

    Svart på: 19.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Korleis kan statsråden forsvara avgjerdsla om at ein ikkje skal ta i bruk dei nyoppførte kamera for gjennomsnittsfartsmåling i Bømlafjordtunnelen på E39?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

    Dokument nr. 15:2196 (2018-2019)

    Innlevert: 28.08.2019

    Sendt: 29.08.2019

    Svart på: 05.09.2019 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

    Vil statsråden sikra kompensasjon for Vestland fylkeskommune sine auka kostnadar knytt til regjeringa og Stortinget sine krav om bruk av null- og lågutsleppsteknologi i nye ferjekontraktar, og då på eit nivå som sikrar kravet om utslepp og samtidig sikrar ein tenleg rutestruktur for pendlarar og skuleelevar?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til justis- og innvandringsministeren

    Dokument nr. 15:2182 (2018-2019)

    Innlevert: 26.08.2019

    Sendt: 27.08.2019

    Svart på: 03.09.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

    Vil statsråden syta for at det ikkje vert teke stilling til felles leiing av Sunnhordland og Haugaland tingrett før etter at Domstolkommisjonen sitt forslag til ny domstolstruktur er ferdig handsama?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:2138 (2018-2019)

    Innlevert: 22.08.2019

    Sendt: 22.08.2019

    Svart på: 27.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Vil statsråden no setja i bestilling ei konseptvalsutgreiing KVU for ein arm frå E134 til Bergen?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

    Dokument nr. 15:2130 (2018-2019)

    Innlevert: 21.08.2019

    Sendt: 21.08.2019

    Svart på: 29.08.2019 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

    Vil statsråden opna for forsøksordningar som t.d. å seinka karakterkravet i matematikk og at studentane i lærarutdanninga på 1-7 og 5-10 kan gå i lag dei første to åra?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:2068 (2018-2019)

    Innlevert: 09.08.2019

    Sendt: 09.08.2019

    Svart på: 20.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Den planlagde fiskerihamna i Langevåg i Bømlo kommune har ikkje fått statlege løyvingar i gjeldande budsjett, og midlar er ikkje avsette før i siste del av NTP. Regjeringa har innført ei forskotteringsordning, der Bømlo ikkje nådde opp i første runde, men ramma er no auka i høve ein andre tildelingsrunde. Vil fiskerihamna i Bømlo få høve til forskottering ved denne andre tildelinga, og kva blir finansiell statuse for prosjektet når fiskerihamnene blir overførte til fylkeskommunane frå 2020?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1578 (2018-2019)

    Innlevert: 07.05.2019

    Sendt: 08.05.2019

    Svart på: 20.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Kva vil statsråden gjera for å få skikk på riksvegferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg på Kyststamvegen E39 mellom Stord og Bergensområdet, og kan statsråden sei noko om framdrifta når det gjeld å få fastsamband på denne viktige hovudpulsåra langs kysten vår?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1390 (2018-2019)

    Innlevert: 03.04.2019

    Sendt: 03.04.2019

    Svart på: 11.04.2019 av klima- og miljøminister Ola Elvestuen

    Det verna passasjerfartøyet "MS Sunnhordland" har fått avslag på søknad om tilskott frå Riksantikvaren grunngjeve med at fartøyet ikkje er freda, at fartøyet ikkje legg beslag på slipp eller dokk og at det ikkje står i fare for å mista sertifikat utan utbetringar. Alle skip står kvart år i fare for å mista sertifikat, og god drift handlar om planlegging av kostnadar. Synest statsråden det er rett ved tildeling av støtte å ikkje tilgodesjå eit fartøy som prioriterer å betala planlagte utgifter sjølv?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:2326 (2017-2018)

    Innlevert: 21.09.2018

    Sendt: 21.09.2018

    Svart på: 01.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

    Kva vert brutto innbetaling av bompengar for å kunna finansiera eit slikt bidrag, og korleis skal dei nye bomselskapa finansiera lån til store samferdselsprosjekt dersom lånesummen overstig norske bankar si lånegrense for einskildkundar?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:840 (2016-2017)

    Innlevert: 15.03.2017

    Sendt: 15.03.2017

    Svart på: 27.03.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Kva for oppfølging har statsråden hatt av prosjektet Arna-Stanghelle-Voss etter at oppdragsbrev blei sendt transportetatane 8.12.2015, og kor robuste meiner statsråden at kostnadsoverslaga frå konseptvalsutgreiinga er for dei andre delane av prosjektet Arna-Voss, jf. at prisen for vegstrekninga Arna-Stanghelle er om lag dobla sidan 2014?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:397 (2016-2017)

    Innlevert: 14.12.2016

    Sendt: 14.12.2016

    Svart på: 22.12.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Kan samferdselsminister Solvik Olsen garantera at han vil leggja fram sak for Stortinget om igangsetjing av Sotrasambandet i så god tid at Stortinget kan ferdigbehandla saka, og at anleggsstart skjer før sommaren 2017?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1653 (2015-2016)

    Innlevert: 26.09.2016

    Sendt: 26.09.2016

    Svart på: 29.09.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Kva for nokre krav og rutinar er det regjeringa manglar for at forhandlingane om ei ny bymiljøavtale for Bergen kan starte opp?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1254 (2015-2016)

    Innlevert: 08.06.2016

    Sendt: 09.06.2016

    Svart på: 16.06.2016 av finansminister Siv Jensen

    Finansdepartementet har gitt Skattedirektoratet i oppdrag å utgreia forslag til ny kontorstruktur i skatteetaten. Det har resultert i at det no føreligg forslag om å leggja ned skattekontoret på Stord og flytta dei 12 arbeidsplassane til Haugesund. Kan finansministeren godta ei slik nedleggjing, med tap av 12 statlege arbeidsplassar i ein kommune som ved utgangen av mai hadde 6,1 % brutto arbeidsløyse, og der sysselsetjingsutsiktene for komande år er svært usikre?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1172 (2014-2015)

    Innlevert: 18.06.2015

    Sendt: 19.06.2015

    Svart på: 29.06.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Kva framdrift ser statsråden føre seg når det gjeld den varsla utgreiinga om ulike alternativ for sjøtrafikksentalane, kva er grunnen til at departementet ennå ikkje har konkludert i saka, har statsråden planar om å legga ned nokre av sjøtrafikksentralane, og vil utgreieinga bli ferdig før 14. september?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:979 (2014-2015)

    Innlevert: 13.05.2015

    Sendt: 15.05.2015

    Svart på: 22.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Tirsdag 12.05 gjekk det ennå eit ras i Vaksdal kommune i Hordaland. Raset gjekk over E16 og jernbanesporet. Både Europavegen og Bergensbanen blei stengt, og eit persontog køyrde inn i raset. Heldigvis vart det ikkje personskade denne gongen. I april 2014 blei det lagt fram KVU for framtidig fellesløysing for bane og veg mellom Arna og Voss. Det hastar no med å få ei avgjerd om kva konsept. Vil statsråden no gå for den tilrådde løysinga etter K5- alternativet, og kva framdrift ser statsråden føre seg?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1168 (2013-2014)

    Innlevert: 29.08.2014

    Sendt: 29.08.2014

    Svart på: 03.09.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Korleis kan statsråden bidra til at same betalingskort på ferje frå eitt selskap kan brukast i heile landet?
  • Skriftleg spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1081 (2013-2014)

    Innlevert: 05.08.2014

    Sendt: 05.08.2014

    Svart på: 11.08.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Kvifor er ikkje Bergen og Hordaland med i fyrste forhandlingsrunde på bymiljøavtalane, og kva tiltak må eventuelt setjast i verk for at Bergen og Hordaland kjem med i denne fyrste runden?