Skriftleg spørsmål fra Kjell Opseth (A) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:128 (1997-98)
Innlevert: 18.03.1998
Sendt: 19.03.1998
Svart på: 25.03.1998 av landbruksminister Kåre Gjønnes

Kjell Opseth (A)

Spørsmål

Kjell Opseth (A): Det er ein stor skilnad mellom den pris bonden får for sin produksjon medrekna staten sine overføringar, og den pris forbrukarane må betale for maten i butikkane. Kan statsråden gjere greie for kor mykje av verdiskapinga som ligg att i dei ulike ledda innan matproduksjonen, vegen frå jord til bord?

Kåre Gjønnes (KrF)

Svar

Kåre Gjønnes: Spørsmålet frå representanten Kjell Opseth dreier seg om eit viktig tema, samstundes som det er eit spørsmål det er vanskeleg å gje eit konkret svar på. I utgangspunktet er det stor skilnad frå produkt til produkt kva som er verdikjeda, og kor mange ledd det er i den. Ulike råvarer går inn i ei rad ulike produkt som gjev ulik inntening for råvarene for ulik bruk, samstundes som ulike produkt er basert på mange råvarer. I tillegg er det lite tilgjengeleg informasjon om prisar på dei ulike ledda. Mellom anna skuldast dette at same aktør i ein del tilfelle er involvert i verksemd på ulike nivå i kjeda slik at ein del av overføringane skjer innan same verksemd. Samstundes er prisar strategisk viktig informasjon for verksemdene, og dei er derfor forsiktig med å gje frå seg slik informasjon.

Det har skjedd ei vesentleg produktutvikling dei seinare åra. Det blir til dømes stadig vanlegare med meir foredla matprodukt enn tidlegare. Dette gjeld mellom anna halvfabrikata og ferdigrettar som er tilpassa forbrukarar med mindre tid til eller kunnskap om, matlaging. Dette er altså ei overføring av ein del av matlaginga frå forbrukar til næringsmiddelindustrien. Dette medfører også at ein relativt større del av foredlingsverdien for slike produkt vil komme frå industrileddet enn tilfelle vil vere for mindre foredla produkt. Dette gjer det også vanskelegare å måle utviklinga i marginane på dei ulike ledda over tid.

Spørsmålet tek opp skilnaden mellom prisen bonden får medrekna statens sine overføringar og forbrukarprisen. Ei vurdering av verdiskapinga i dei ulike ledda frå jord til bord bør ta utgangspunkt i pris gange omsett mengde på dei ulike ledda i kjeda, og tilskotta bonden får er det i denne samanhengen mest riktig å halde utanfor.

Dersom ein skal kunne leggje fram tal for verdifordelinga mellom ulike ledd må ein gjere visse føresetnader. Det er då likevel mogleg å gjere nokre vurderingar av storleiken til marginane på dei ulike nivåa i verdikjeda. I tala nedanfor er tilskott og avgifter halde utanfor.

Med basis i konsumtala i Nasjonalrekneskapen kan ein gjere grove differanse-utrekningar som viser at verdien av produksjonen på primærleddet utgjer om lag 50 % av verdien til konsumenten. Primærproduksjonen sin del av den totale omsetningsverdien er høgast for mjølk og mjølkeprodukt og egg, og lågast for poteter og grønsaker.

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) har sett på prispåslaga frå produsent til og med detaljist for nokre sentrale matvarer over tid . Undersøkinga viser at produsentane sin del av verdien i forbrukarleddet for de fleste varene ligg under 50%, hhv. i intervallet 43-61% for meierivarene, 23-65% for kjøttvarene og 35-55% for frukt og grønt. Variasjonen er stor når det gjeld kor stor del dei øvrige ledda i distribusjonskanalen har av den totale verdien. For meierivarene varierer andelen til meieria i intervallet 18-55%, grossistleddet ligg på 4-5%, mens detaljistleddet varierer mellom 7-23%. For kjøttvarene ligg slakteriandelen oftast mellom 3-6%, stykking 0-28%, foredling/grossist 2-35% og detalj 9-28%. For frukt og grønt ligg engrosandelen mellom 25-35% og andelen til detaljist ligg mellom 20-30%.

ECON, Senter for økonomisk analyse, analyserte i 1996 tollvernet for kjøtt og effektane av auka importkonkurranse. ECON gjorde i samband med dette visse vurderingar av fordelinga av foredlingsmarginane på ulike ledd i verdikjeda. Tala frå ECON er i hovudsak i samsvar med tala for SIFO, men er basert på eit mindre datagrunnlag og ein har ikkje sett på utviklinga over tid.

Samla sett synes idet ut i frå vurderingane til SIFO og ECON, og tala i Nasjonal-rekneskapen, å vere grunnlag for å seie at verdien til produsentleddet i storleik er mellom 40 og 50 % av forbrukarverdien, men at dette varierer mykje frå produkt til produkt.

Det har skjedd store strukturelle endringar i grossist- og detaljhandelen i løpet av 1990-talet. Det har vore ei sterk horisontal og vertikal integrering. Fire matvarekjeder står nå for over 98% av omsetninga på innkjøpssida, mot 46% i 1990. Kjedene har i løpet av dei seinare åra overteke mykje av kontrollen over distribusjon i detaljhandelen. Enkelte store kjeder har inngått innkjøpsavtaler med internasjonale leverandørar. Samtidig er eigendistribusjon til næringsmiddelindustrien vesentleg redusert. Dette har ført til ei forskyving av maktbalansen i distribusjonsleddet. Produsentleddet og produsentane sine samvirkeorganisasjonar har derfor truleg mindre marknadsmakt enn tidlegare, medan altså grossist og detaljistleddet har fått auka makt. Framveksten av daglegvarekjedane har sannsynlegvis gjeve rasjonaliseringsgevinstar fordi auka marknadsmakt har resultert i auka press mot foredlingsindustrien og primærproduksjonen, og lågare innkjøpsprisar. Det er imidlertid lite kunnskap om verknadene av marknadsmakta på priser og lønnsemda i andre ledd i produksjons- og omsetningskjeda.

Det har vore ein realprisnedgang på produsentprisen dei siste åra. Spørsmålet om denne prisnedgangen også har medført lågare detaljprisar har vore diskutert i mange samanhengar. Utrekningane i undersøkinga til SIFO viser at både bruttomarginar og detaljprisar endra seg. Den relative fordelinga av andelane har også endra seg. Andelen til produsent har gått noko ned for meierivarer og kjøttvarer, spesielt mot slutten av perioden. Stort sett har delen til detaljist også vorte noko mindre. Dette medfører at for mange av varene har nokre av delane til ledda i mellom auka.

Konkurransen i etableringsfasen til kjedene er nå etter alt å dømme i ferd med å bli avløyst av en «haustings-» og konsolideringsfase. Det er såleis teikn til redusert konkurranse, kundebindande ordningar og veksande eigarinntekter. Norsk Institutt for Landbruksøkonomiskforskning har søkt å kartleggje utviklinga i struktur og lønnsemd i daglegvarebransjen i perioden 1990-97. Resultata viser at både butikkane og paraplykjedene har god inntening på verksemda, og at innteninga er aukande i perioden (NILF-rapport 1997:2 Struktur og lønnsomhet i dagligvarebransjen).

Marknadene for matvarer er svært samansette og i stadig endring. Eg legg stor vekt på at primærprodusentane får ein rimeleg del av den samla verdiskaping i næringsmiddelsektoren, og dette vil vere avgjerande for å sikre ei rimeleg inntektsutvikling for bøndene. Det er viktig å sikre ein rimeleg balanse i konkurransen mellom ulike ledd og mellom ulike aktørar på kvart ledd. Verksemda i omsetningsledda blir regulert gjennom generelle konkurransepolitiske verkemiddel som hovudsakleg er heimla i Konkurranseloven. Regjeringa vil derfor kontinuerleg søkje å kartleggje og overvake utviklinga i denne sektoren. Regjeringa vil aktivt sjå på korleis ein kan bruke ulike politiske verkemiddel for å nå dei ulike målsetjingane ein har for denne sektoren.