Skriftleg spørsmål fra Lodve Solholm (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:163 (1997-98)
Innlevert: 30.04.1998
Sendt: 30.04.1998
Svart på: 07.05.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Lodve Solholm (FrP)

Spørsmål

Lodve Solholm (FrP): I ein brannrapport som er unnateke offentleg innsyn vil eg stille fylgjande spørsmål til samferdselsminister Odd Einar Dørum til skriftlig svar. Kva er grunngjevinga for at rapporten er unnateke offentleg innsyn, og vil statsråden ta initiativ til at rapporten vert tilgjengeleg for ålmenta, og kan statsråden gi ei utgreiing om dei tiltak som skal setjast i verk og forsikre at Romerikesporten vert sikra i tråd med dei standardkrav som er for slike anlegg?

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Rapporten det blir vist til er ein førebels rapport om tryggleiken for trafikken i Romeriksporten. Rapporten er utarbeidd av Det Norske Veritas (DNV) på oppdrag frå NSB Gardermobanen AS. Arbeidet med rapporten starta hausten 1997, og er enno ikkje sluttført. NSB Gardermobanen AS har i møte den 13.03.1998 med redningsetatane, politi, brannvesen og ambulansetenesta og i samråd med desse funne det riktig å ikkje offentleggjera rapporten fordi den ikkje ligg føre i endeleg form og at einskilde opplysningar i rapporten ikkje er korrekte.

Det avsluttande møte med DNV var den 05.05.1998. NSB Gardermobanen AS opplyser at den endelege rapporten vil omtale følgjande emner:

“Konklusjon, sammendrag, anbefalinger
Introduksjon
Teknisk beskrivelse av Romeriksporten, plassering av sikkerhetsutstyr
Sikkerhetsutrustning av tog i Romeriksporten
Beredskapsressurser for Romeriksporten
Erfarte ulykker i tunnel og ved høyhastighetsbaner
Sannsynligheten for ulykker i Romeriksporten
Responstider for beredskapsinnsats
Ventilasjonseffekt og evakueringsforhold
Evakuering fra tog
Togavvikling i en nødsituasjon
Sårbarhet ved sikkerhetsutrustning
Sikkerhet i henhold til Jernbaneverkets regelverk
Sikkerhet i henhold til Direktoratet for brann- og eksplosjonsverns krav til særskilte brannobjekt.”

Rapporten vil innehalde opplysningar som kan føre til at Gardermobanen blir sårbar i drift dersom opplysningane blir ålment kjente og lette å få tak i. Dette vil i ytterste fall om det kjem uvedkomande i hende, kunne gå ut over tryggleiken på Gardermobanen. NSB Gardermobanen AS vil derfor i samråd med redningsetatane vurdere kva for delar av rapporten som seinare kan bli gjort ålment kjent.

DNV har vurdert tryggleiken i Romeriksporten i høve til relevante krav for jernbanetunnelar. Dersom det skulle vere avvik frå desse krava, vil avvika bli gjort ålment kjent og ein vil sette i verk korrigerande tekniske tiltak og eller prosedyrar.

Det er Jernbanetilsynet som skal godkjenne Romeriksporten etter jernbanelova. Tunnelen skal og godkjennast av branntilsynet.