Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:246 (1997-98)
Innlevert: 19.06.1998
Sendt: 19.06.1998
Svart på: 26.06.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Ved Hjerleid vdg. skole i Dovre har ein lenge arbeidt med å få etablert utdanningstilbod «på høgare nivå» i handverksfag som tømrar, møbelsnikkar og treskjering.
Kva kan statsråden gjere for å vere med å hjelpe fram dette prosjektet, som kan vere eit verdfullt bidrag til å halde oppe viktige handverksfag på eit høgt fagleg nivå?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg viser til spørsmål frå representanten Petter Løvik om etablering av utdanningstilbod "på høgare nivå" i handverksfag som tømrar, møbelsnikkar og treskjering på Hjerleid vidaregåande skole på Dovre. Petter Løvik spør om kva eg kan gjere for å medverke til å hjelpe fram dette prosjektet.

Førebels er det ikkje teke stilling til saka. Saka er ikkje ny, den blei tatt opp første gong i møte 07.04.97 mellom departementets politiske leiing og Oppland fylkeskommune. Dette møtet konkluderte med at fylkeskommuna skulle gjere ei vidare utgreiing retta mot framtidig handverksutdanning innan restaureringsfag.

16.12.97 blei det halde eit nytt møte med departementet, der stortingsrepresentant Marit Tingelstad, ordføraren på Dovre Erland A. Løkken og prosjektleiar Steinar Moldal møtte. I dette møtet konkluderte eg med at det måtte avklarast kva fylkeskommunen meinte om saka. I møtet blei det òg munnleg lagt fram forslag om eit senter for bygdekultur på Hjerleid.

I siste fase har eg motteke ein søknad frå Dovre kommune. Søknaden gjeld midlar til igangsetjing av ei utprøving av prosjektet »Handverksutdanning på Hjerleid». Prosjektet er meint å skulle gå over 3 år, og det blir søkt om 3 millionar kr til tiltaket i perioden 1999 til 2000. Sidan dette gjeld utdanning på ein av dei fylkeskommunale skolane i Oppland fylkeskommune, har departementet difor oversendt søknaden til fylkeskommunen for å få ein kommentar frå skoleeigar om saka.