Skriftleg spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:254 (1997-98)
Innlevert: 25.06.1998
Sendt: 26.06.1998
Svart på: 30.06.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Bardufoss lufthavn har ein terminalbygning som i svært liten grad tilfredsstillar dagens krav. Det er sterkt behov for ein fornying. Rutetilbudet er også lite tilpassa behovet. Forsvaret har ein eigen nyare terminal med moderne fasilitetar som ligg nært til luftfartsverkets terminal. Gjennom fleire år har det vore arbeidd for ei omforent løsning med Forsvaret slik at ein får bygd ein felles terminal for Forsvaret og Luftfartsverket. Vil Samferdselsministeren medverke til at det raskt blir ein slik løsning?

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Luftfartsverket og Forsvaret har sidan 1994/95 arbeidd for å få i stand ei løysing med felles bruk av den militære terminalen på Bardufoss slik at ein kan rive den noverande sivile terminalen. Forsvaret har no stilt krav til arealbruken og funksjonar som gjer eit samarbeid altfor dyrt for Luftfartsverket. Dette gjeld både for investeringar og drift. Luftfartsverket ser derfor ikkje på dette grunnlaget nokon moglegheit for å prioritere tiltaket innafor gjeldande rammer for investeringar i planperioden 1998-2001.

I staden vurderer Luftfartsverket no å rehabilitere den eksisterande terminalen, slik føresetnaden opprinneleg var.

Eg vil avvente endeleg avklaring med omsyn til arealbruk og fellesfunksjonar før eg tek stilling til naudsynt oppfølging av saka.

Når det gjeld rutetilbodet er dette etter mi meining tilfredsstillande i dag, men eg følgjer sjølvsagt utviklinga nøye.