Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:273 (1997-98)
Innlevert: 07.09.1998
Sendt: 08.09.1998
Svart på: 17.09.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): KUF har i rundskriv F-60-98 varsla ei omlegging i strukturen i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag slik at økonomisk/administrativ retning vert fjerna f.o.m skuleåret 1999/2000.
Vil statsråden sørge for at heile sakskomplekset omkring dei økonomiske og administrative faga sin plass i den videregående skulen blir underkasta ei grundigare vurdering i samband med evalueringa av Reform 94, før det vert gjennomført endringar i dagens struktur?

Grunngiving

Rundskriv nr. F-60-98 med forslag til endring av strukturen i studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag har skapt sterke reaksjonar. Desse reaksjonene kjem ikkje fordi ein avviser at det kan være behov for endringar, men fordi forslaget kjem overraskande og utan ei grundig vurdering av mulege konsekvensar. Det vert også vist til at vi står framfor ei generell evaluering av Reform 94, og at det difor ville vere naturleg å utsette strukturendringar til denne evalueringa er gjennomført.

Det er eit faktum at Reform 94 har medført negative konsekvensar for dei økonomiske og administrative faga sin plass i vidaregåande opplæring - noko også næringslivets organisasjonar og fagrørsla har peika på. Difor er det også viktig at det no ikkje vert gjort endringar som kan bidra til å svekke desse faga endå meir, før heile grunnkursstrukturen i Reform 94 er evaluert, jfr. også Innst. S. 163 for 1995-96 (om Høgres forslag om å opprette eit nytt grunnkurs i økonomiske og administrative fag).

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg viser til spørsmål frå representant Petter Løvik om innhaldet i rundskriv F-60-98. I rundskrivet vart det nemnt at departementet vurderer ei endring i strukturen i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag (AA) og at me i denne samanheng ønskte merknader frå m a skolar og organisasjonar. Fristen for å sende inn merknader er 15. september. På grunnlag av merknadene vil departementet vurdere vidare handsaming av saka. I alle høve vil heile sakskomplekset omkring dei økonomiske og administrative faga sin plass i vidaregåande opplæring bli underkasta ei grundig vurdering i samband med evalueringa av Reform-94 og den meldinga som skal leggjast fram for Stortinget.

Eg ser det som svært viktig å ivareta omsynet til dei økonomiske og administrative faga, og vil vurdera kva konsekvens dette må få for deira plass i den vidaregåande opplæringa. Stortinget vil få ei melding om evalueringa av Reform 94, og det vil ikkje bli tatt noko avgjerd som vil svekka desse faga i forkant av denne meldinga.