Skriftleg spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:286 (1997-98)
Innlevert: 17.09.1998
Sendt: 18.09.1998
Svart på: 24.09.1998 av finansminister Gudmund Restad

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Etter regelverket for bustadregistrering av pendlarar, må det avgjerast kva som er skatteytaren sin rette heim (skattemessig bustad). Denne avgjersla har m.a. verknad for kva kommune det skal skattast til, og/ eller frådragsrett for meirutgifter ved å bo utanfor heimen. Gjeldande føresegner fører i mange høve til at einslege pendlarar blir tvangsflytta til arbeidsstadkommunen.Vil Finansministeren endre eller foreslå endring i regelverket for å få stoppa uheldig og urimeleg tvangsflytting?

Grunngiving

Fråflyttinga frå bygdene er ei av dei største distriktspolitiske utfordringane vi har. I ein slik situasjon må det i allefall leggjast til rette for at dei som vil bo i heimkommunen, får høve til det sjølv om dei må ta arbeid i sentrale område. Vi ser at auka sysselsetting og dermed mindre arbeidsløyse gjev dei største positive utslag i sentrale område. I ein slik situasjon må folk vera mobile med omsyn til arbeidsstad.
Det er da viktig at også pendlarar som er einslege, får dei økonomiske og sosiale vilkåra som gjer ein pendlarsituasjon mogleg. Det verkar heilt urimeleg om ei brakke utan fast plassering og postadresse skal definerast som fast bustad.
På bakgrunn av fleire einskildsakar der pendlarar har vorte tvinga til å ta bostadregistrering der dei arbeider, er det grunn til å endre føresegnene med kriterier for bostadregistrering slik at det blir lagt større vekt på tilknytninga til heimkommunen framfor kriteriar som t.d. kokeplate på brakka/hybelen. Eg syner elles til tidligare korrespodanse om desse spørsmåla, særleg til brev frå Vågå kommune v. ordføraren frå 25.02. d.å. med forslag til endringar og presiseringar i folkeregisterforskrifta og Dykkar svar frå 6.04.98. Eg ber om at dette blir vurdert på nytt.

Gudmund Restad (Sp)

Svar

Gudmund Restad: Spørsmålet er formulert som eit spørsmål om uheldig eller urimeleg "tvangsflytting». Dette er sjølvsagt ikkje eit spørsmål om tvangsflytting. I Noreg er det folk sjølve som bestemmer om, kvar og når dei vil flytte. Det spørsmålet gjeld, er reglane om registrering av skattemessig bustad.

Før eg byrjar å svare på spørsmålet, vil eg nemne at det i høve til bustadtilknyting også gjeld reglar om bustadregistrering i folkeregistreringssamanheng. Desse reglane er formelt sett uavhengige av kvarandre. Det skatterettslege bustadomgrepet er regulert i skattelova § 24 med tilhøyrande forskrift om skattemessig bustad av 29. september 1978 nr 1, medan bustadomgrepet i folkeregistreringa er regulert i folkeregisterforskrifta av 4. mars 1994 nr 161. Omgrepa i dei to regelverka er likevel i hovudsak like, noko som er ei uttalt målsetting. Ut frå denne målsettinga bør eventuelle endringar i reglane i så stor mon som råd vurderast i høve til begge omgrepa.


Når ein vurderer reglane om bustadregistrering i folkeregisterforskifta og forskrifta om skattemessig bustad, må ein ha omsyna bak reglane i mente. Det er ei rekkje lover som tillegg den folkeregistrerte bustaden meir eller mindre avgjerande vekt. Hovudomsynet bak denne registreringa er at styresmaktene skal vite kvar borgarane held til. Derfor må det gode grunnar til for at ein person skal vere folkeregistrert andre stader enn der han er mesteparten av tida. Når det gjeld forskrifta om skattemessig bustad, er hovudomsynet at det må trekkjast ei grense mellom pendling som gir rett til frådrag i inntekta, og fritidsreiser som er ei privatutgift. Det er eit mål at reglane i tillegg til å ivareta dei omsyna som gjer seg gjeldande, skal vere så klare og enkle som råd.

Dei noverande reglane tek utgangspunkt i at ein person i skattesamanheng skal bli sett på som busett der han har sin verkelege heim. Regelverket legg vekt på objektive moment. Dette kan gjera at ein person ikkje blir registrert på den staden der han føler sterkast tilknyting. Eg kan skjøne at enkelte kan ønskje å vere registrert der dei kjenner sterkast tilknyting. Men det ville vere i strid med omsynet bak reglane å tilleggje slike subjektive moment avgjerande vekt, og det ville gjere reglane mindre klare og enkle. Derfor kan eg ikkje gå inn for ei endring i retning av å leggje større vekt på subjektive moment.

For einslege pendlarar under 22 år reknar ein foreldreheimen for å vere den verkelege heimen, sjølv om den andre bustaden er sjølvstendig. For einslege pendlarar over 22 år, som pendlar mellom usjølvstendig og sjølvstendig bustad, blir den sjølvstendige bustaden rekna for å vere den verkelege heimen. Skjer pendlinga mellom to sjølvstendige eller usjølvstendige bustader, blir den verkelege heimen rekna for å vere der pendlaren har si overvegande døgnkvile. Desse reglane fører til at einslege pendlarar over 22 år som pendlar mellom to sjølvstendige bustader, blir rekna for busett på arbeidsstaden, om pendlaren overnattar der minst fire netter i veka. Eg går ut frå at det er dette utslaget av regelverket som er bakgrunnen for spørsmålet.

For ektefellar og for foreldre og barn går felles heim i kommunen skattytaren pendlar frå foran bustaden i arbeidskommunen, jamvel om denne arbeidsbustaden er sjølvstendig. Derfor gjeld problemet berre einslege, men mellom desse og sambuarar utan barn.

Kriteriet sjølvstendig bustad har fått ein omfattande og ganske presis definisjon i regelverket, særleg i LigningsABC’en. Eit viktig og oftast avgjerande element er om bustaden har eige kjøkken. Her legg ein ikkje vekt på antall kokeplater i seg sjølv, men på om vanleg matlaging, også middag, er mogleg med den innreiinga som bustaden har på kjøkkenfronten. Vidare ser ein burt frå kjøkken som delast med andre utanom familien, til dømes utleige av enkeltrom med tilgang til felleskjøkken i ein større bustad.

Dette regelverket er over 20 år gamalt, men har nok enkelte uheldige sider. Eg er samd i at det ikkje alltid er rimeleg at en einsleg pendlar mister pendlarfrådraget av di vanleg matlaging er mogleg på eigen plass i arbeidsbustaden hans. Særleg gjeld dette når bustaden i den andre kommunen er både den opphavlege og den beste, og arbeidsbustaden i tillegg har eit mellombels preg knytt til det aktuelle arbeidshøvet.

Ut frå dette ser eg grunn til å få ei utgreiing om moglege justeringar i omgrepet sjølvstendig bustad på dette regelområdet. Det bør vurderast om andre objektive og registrerbare kjenneteikn ved bustadene kan få vekt, slik at kjøkkenomgrepet ikkje blir så generelt avgjerande som høvet har vore til no. Også velstandsutviklinga i samfunnet kan tale for ei slik nyansering av kva for kjenneteikn ved ulike bustader som skal avgjere bustadregistreringa og pendlarfrådraget. Men det er viktig at ei slik nyansering ikkje kompliserer regelverket for mykje, og at regelverket ikkje opnar for pendlarfrådrag når skattytaren etablerer seg fast i arbeidskommunen og bruker sin opphavelege bustad som rein fritidsbustad.

Moglege endringar i reglane om bustadsregistrering må utgreiast i nær kontakt med Skattedirektoratet. Eg kan ikkje no seie noko om utfallet av utgreiinga. Men eg tykkjer vi bør gjere eit forsøk på konstruktiv nytenking for å sjå om det er praktisk mogleg å lempe på den meir firkanta delen av regelverket.

Eg vil ta initiativ til ei utgreiing av ulike justeringar av regelverket, og meddele Stortinget resultatet.