Skriftleg spørsmål fra Grethe G. Fossum (A) til kommunal- og arbeidsministeren

Dokument nr. 15:12 (1996-97)
Innlevert: 28.10.1996
Sendt: 29.10.1996
Svart på: 01.11.1996 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Grethe G. Fossum (A)

Spørsmål

Grethe G. Fossum (A): "Jeg er kjent med at NOAS tidligere ble gitt driftsstøtte direkte over egen post på statsbudsjettet, og at de nå får tildelt driftsstøtte fra UDI.
Mener departementet det er etisk forsvarlig at en organisasjon som i stor grad tar opp spørsmål om flyktninger og asylsøkeres rettigheter, og oftes er i sterk oposisjon til de vedtak UDI, skal få tildelt driftsstøtte fra den samme organisasjonen?"

Grunngiving

Kjell Opseth (A)

Svar

Kjell Opseth: Eg viser til Dykkar brev av 26. oktober 1996.
Fyrst vil eg få understreke at Utlendingsdirektoratet (UDI) er ei verksemd som har langt fleire roller enn berre å vere kontrollinstans. Den overordna målsetjinga i UDI sitt arbeid skal vere både å gjennomføre ei regulert innvandring og samstundes arbeide for at alle som bur i Noreg skal ha dei same sjansane til å delta i samfunnet. Dette inneber at UDI arbeider for at alle innvandrarar skal få høve til å delta i utdannings-, arbeids- og samfunnsliv på lik line med resten av befolkninga. Vidare arbeider UDI for å motverke alle former for rasisme og diskriminering, fremje gode forhold mellom innvandrarar og nordmenn og leggje til rette for at flyktningar og innvandrarar skal kunne ha innverknad på eigne livsvilkår.
Tilskotsordningane på kap 521, post 73 Organisasjonar, opplysningsverksemd og forsøk på statsbudsjettet, skal hjelpe til å nå regjeringa sitt hovudmål om like høve til aktiv deltaking i samfunnslivet, like rettar og plikter for alle og eit samfunn utan rasisme og diskriminering. Dei sju organisasjonane som fekk støtte i 1996 har gjennom fleire år opparbeidd seg kompetanse og erfaring innafor sine arbeidsområde, og dei er på kvar sine måtar med på å oppfylle hovudmåla regjeringa har.
For 1997 har regjeringa foreslått ei løyving på 13 mill. kroner på kap 521 post 73. Løyvinga er fordelt med 5 mill. kroner til landsdekkjande organisasjonar og 8 mill. kroner til haldningsskapande arbeid og forsøk og utvikling. Ein vil i 1997 støtte organisasjonar som arbeider for dei rettane asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar har i det norske samfunnet, slik som til dømes NOAS gjer. Vidare vil ein gi støtte til organisasjonar som hjelper til med å dokumentere og motverke rasisme og diskriminering, byggjer opp kunnskap om dei behova og interessene innvandrarane har, og som stimulerer til samarbeid mellom dei ulike organisasjonane og mellom organisasjonane og styresmaktene.
Tildelinga av tilskot til landsdekkjande organisasjonar bør ein sjå i samanheng med anna støtte til organisasjonane som blir fordelt av UDI, blant anna støtte til haldningsskapande arbeid og forsøks- og utviklingsverksemd. Regjeringa meiner det er føremålstenleg at UDI samordnar og har ansvaret for den samla tildelinga av midlane. Derfor har ein lagt opp til at søknader om tilskot til landsdekkjande organisasjonar blir behandla av UDI. Mens NOAS og Antirasistisk senter (ARS) for nokre år sia var dei einaste større organisasjonane som arbeidde på dette området, har det dei to-tre siste åra kome søknader frå fleire organisasjonar som i dag driv eit aktivt arbeid på feltet. Eg vil nemne Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD), Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO), Selvhjelp for innvandrere og flyktninger og MiRA-senteret. Dette inneber at vi i dag har seks organisasjonar som arbeider på dette feltet.
For å kunne møte utviklinga i det frivillige arbeidet på feltet og sikre større breidde i engasjementet, har ein gjort ei reell vurdering av alle søknader om støtte til drift og aktiviteter i 1996. Vurderinga har vore bygd på rapportering, resultat, budsjett og planlagte aktivitetar. På denne måten vert NOAS og ARS vurdert ut frå dei same føringane som INLO, OMOD, MiRA-senteret og Selvhjelp.
UDI er etter mi meining den instansen som er best skikka til å vurdere dei ulike organisasjonane og deira verksemd opp mot kvarandre. På denne måten vil UDI kunne gjere ei samla vurdering når dei tildeler støtte til landsdekkjande organisasjonar, ut frå dei rammer og føringar Stortinget og departementet fastset.
Mitt inntrykk er at UDI har ein konstruktiv dialog, ikkje berre med NOAS, men med alle dei landsdekkjande organisasjonane som tek i mot driftsstøtte frå staten. På denne bakgrunn meiner eg at det fullt ut er etisk forsvarleg å la UDI tildele driftsstøtta til alle dei landsdekkjande organisasjonane.