Skriftleg spørsmål fra Ivar Kristiansen (H) til sosialministeren

Dokument nr. 15:13 (1998-99)
Innlevert: 08.10.1998
Sendt: 08.10.1998
Svart på: 15.10.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Ivar Kristiansen (H)

Spørsmål

Ivar Kristiansen (H): Viser til mitt spørretimespørsmål til sosialministeren besvart den 22.4.98. Forholdene til den lobotomerte og hennes sønn ser ikke ut til å ha endret seg i særlig positiv retning siden april i år. Fortsatt er det sønnen som sitter med det daglige ansvar for den lobotomerte moren.
Hva har sosialministeren foretatt seg i saken, og hva har fylkeslege og lokale tilsynsmuligheter gjort av oppfølging for bl.a å hjelpe sønnen med avlasting?
Vil statsråden nå selv ta et oppfølgingsinitiativ?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Eg ber om forståing for at eg vanlegvis ikkje kan handsame enkeltsaker. Det følgjer av lova at det er helse- og sosialtenesta i kommunen som skal syte for tenester til innbyggarane. Fylkesmann og fylkeslege er tilsynsmyndigheit for helse- og sosialtenesta og klageinstansar for vedtak. Når spørsmålet likevel er stilt, har departementet undersøkt korleis saka står no.

Fylkesmannen i Nordland har ikkje sett det naudsynt å ha kontakt med kommunen eller partane i saka sidan april i år. Fylkeslegen har hatt noko kontakt med kommunen i samband med medieoppslag. Instansane er av den oppfatninga at saka er løyst på ein tilfredsstillande måte av kommunen.

Helse- og sosialsjefen i kommunen opplyser at mora får dei tenester ho har bruk for og sjølv ynskjer. Ho mottar i dag heimesjukepleie morgon og kveld, og elles etter behov. Heimehjelp kjem to gonger i veka, og ho mottar tilbod på eit aktivitetssenter i kommunen. Ho blei seinast i 1997 spurd om ho ynskte plass på institusjon, men takka nei til dette. Ho har elles ikkje klaga på tilbodet frå kommunen. Etter det vi har fått opplyst ynskjer ho å bu heime. Heimetenesta i kommunen er av den oppfatninga at ho trivst godt. Etter kommunen si vurdering kan ho bu heime utan hjelp frå sonen med dei tenestene ho er innvilga.

Det er innvilga etableringslån og –tilskott, og arbeidet med utbetring av bustaden er no i sluttfasen. Bustaden har etter kommunen si vurdering vorte svært eigna for mora.

Sonen mottar for tida stønad under arbeidsløyse, men har ikkje søkt om anna hjelp. Han har eit ståande tilbod frå helse- og sosialsjefen om ein samtale for å få retta opp i dei problema og misforståingane som har vore mellom han og kommunen.

Eg kan såleis ikkje sjå at det er naudsynt å gjere noko ytterlegare i denne situasjonen. Dersom sonen er misnøgd med kommunen sitt tilbod, har han høve til å klage saka inn for fylkesmannen i Nordland. Kommunen kan hjelpe han med det.

Eg gjer også merksam på at han har søkt om rettferdserstatning frå staten, og at saka ligg til behandling. Resultatet av denne prosessen er opp til rettferdserstatningsutvalet i Stortinget.