Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:30 (1998-99)
Innlevert: 27.10.1998
Sendt: 27.10.1998
Svart på: 02.11.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): For å spare vikarmidlar har ein skule i Giske kommune sendt skriftleg melding til foreldra om at «kommunen har pålagt oss å redusere bruk av vikarar til eit absolutt minimum. Dette er grunnen til at klasse 5a er permittert frå kl 13.05 i dag, 22.10.98»
Er permittering i slike tilfelle eit lovleg verkemiddel, eller er skulen pliktig til å finne andre arbeidsmåtar for elevane i skuletida?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Departementet legg til grunn at det vil vere lovstridig å permittere grunnskoleelevar frå den elles obligatoriske undervisninga med tilvising til at det ikkje er sett av tilstrekkelege midlar på vikarbudsjettet. Eg meiner såleis at permittering av elevar ikkje er tillate av økonomiske grunnar.