Skriftleg spørsmål fra Grethe G. Fossum (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:34 (1998-99)
Innlevert: 30.10.1998
Sendt: 30.10.1998
Svart på: 06.11.1998 av barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

Grethe G. Fossum (A)

Spørsmål

Grethe G. Fossum (A): Hvordan stiller barne- og familieministeren seg til problemene som f.eks. arrangerte ekteskap hvor religion og kultur ofte brukes som unnskyldning for undertrykking og diskriminering av kvinner og menn?

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: På bakgrunn av at Stortinget ba om ein handlingsplan mot tvangsekteskap, er det oppretta ei interdepartemental arbeidsgruppe leia av Barne- og familiedepartementet. Som fyrste ledd i arbeidet med handlingsplanen, vart det arrangert eit seminar om temaet der m.a. ein rapport om arrangerte ekteskap og tvangsekteskap vart lagt fram. Rapporten er laga av «Kompetansesenteret for likestilling» på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet (Anja Bredal, april 1998).

I denne rapporten gir mange ungdomar med innvandrarbakgrunn uttrykk for at dei tykkjer det er ei god ordning at foreldra finn ekteskapskandidatar for dei så lenge dei har kjensla av at dei sjølve tek den endelege avgjerda.
Ungdomane er sterkt i mot einsidige avgjerder frå foreldra si side. Dei vil ha rett til å seia ja eller nei. Dette er ikkje det same som heilt individuelle val, men handlar om å ha mest mogleg kontroll over avgjerda.
Ingen av ungdomane som vart intervjua seier dei har eigne røynsler med tvangsgifte, men rapporten syner at fleire opplever ein konflikt mellom foreldra sine behov og eigne behov.
I debatten om arrangerte ekteskap og tvangsekteskap er det viktig å skilja mellom desse to kategoriane. Utan denne nyansen er det fare for både å overdramatisere og å undervurdere problema. Vi må ikkje kome i ein situasjon der dei unge må ropa «tvang» for at vi skal ta problema deira på alvor. Vi må heller ikkje kome dit at ungdom ikkje vågar å kritisere foreldra sin måte å arrangere ekteskap på fordi dei er redde for at dette skal verte oppfatta som skuldingar om bruk av tvang. Fleire ungdomar som har konfliktar med foreldra kring ekteskap, kategoriserar i rapporten problema meir som giftepress enn som tvang. Det vil være ønskjeleg å setja dette giftepresset i fokus når ein diskuterer minoritetsungdom sine problem knyta til å gå inn i ekteskap.

Med arrangerte ekteskap meiner eg ekteskap som vert inngått på bakgrunn av at foreldre eller familie har funne ein ekteskapskandidat som sonen eller dottera står fritt til å akseptera eller ikkje. Omgrepet syner til kven som finn ein mogleg ektefelle, korleis dette skjer og på kva type grunnlag.

Innfallsvinkelen min til spørsmålet er at arrangerte ekteskap er og har vore eit vanleg vis å gå inn i ekteskap på i store delar av verda. Tvangsekteskap er ulovleg og er heller ikkje akseptert innanfor dei fleste store religionar. I stortingsdebatten kring interpellasjonen om temaet vart det streka under at dette er eit problem som krev dialog og samarbeid mellom ulike grupper innvandrarar gjennom informasjon og samarbeidstiltak.

Under arbeidet med handlingsplanen har møtet med ulike innvandrarmiljø synt kor viktig det er å skilja mellom omgrepa for å skapa ein open og fruktbar dialog. I debatten om temaet i media har omgrepa (arrangerte og tvangsekteskap) ofte vorte nytta synonymt.

Ved dei høve der ekteskap vert arrangert og der ein eller begge av partane vert sterkt pressa eller trua, gjeld dette ikkje arrangerte ekteskap slik eg har vald å definere omgrepet. Då gjeld det tvangsekteskap, og dette er i strid med lovverket. I slike saker kan ein ikkje rettferdiggjere dette gjennom å nytta kultur eller religion som orsakingar. Vi må ikkje akseptere slike forsøk på å legitimera overgrep mot menneske.