Skriftleg spørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:36 (1996-97)
Innlevert: 21.11.1996
Sendt: 21.11.1996
Svart på: 28.11.1996 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

Hallgrim Berg (H)

Spørsmål

Hallgrim Berg (H): "I seinare år er det registrert stor auke i bil- og trailertrafikken på Rv52 i og gjennom Hemsedal. Det er føresett at trafikken skal gå over Fillefjell når den vedtekne stamvegen aust-vest opnar med den nye tunnelen Aurland-Lærdal. Kva kan statsråden gjera med dei akutte trafikkproblema og tryggleiken langs Rv52, og kva vil departementet gjera for å skunde på omlegging av Riksvegen utanfor sentrum i tide til opninga av Lærdalstunnelen?"

Grunngiving

Hemsedal Høyre har i brev til underteikna, dagsett 12. november 1996, uttrykt stor uro over utviklinga av trafikken gjennom Hemsedal. Rv52 er sterkt belasta alt i dag, ikkje minst i sesongane, og tryggleiken er ikkje god. Det har vore dødsulykke og "nesten-ulykker" fleire gonger. Miljøproblema veks. Eit stort tal trailerar vel å køyre riksveg 52 over Hemsedalsfjellet i staden for å velja Fillefjell. Med opninga av Lærdalstunnelen som lekk i aust-vest sambandet og ny stamveg vil trafikkproblema forsterke seg dramatisk.
Hemsedal Høyre viser til at lokale styresmakter fleire gonger har oppmoda Buskerud Vegvesen om å prioritere omlegging av vegen utanom Hemsedal sentrum (Trøim). Etter kvart er bumiljøet i sentrum sterkt plaga av støy og eksos. Eit ytt byggefelt rett ved sida av Rv 52 har fått dårleg avkøyringsløysing på grunn av riksvegen, då Buskerud Vegvesen ikkje kunne tillata ny avkøyring.
Hemsedal Høyre viser logisk til at dei fleste vil velja kortaste veg frå Lærdal og austover, dvs. over Hemsedalsfjellet, og difor er det eit rimeleg folkekrav at vegen blir rusta opp gjennom Hemsedal og vidare nedover på dårlege strekningar langs Rv7.
I brevet, underteikna av Bjørn Tore Moger, gruppeleiar for kommunestyregruppa i Høgre og leiar for Hemsedal kommuneplannemnd, blir det streka under at det må gjerast noko med trafikktryggleiken i Hemsedal. M.a. er det nemnt mellombels løysing med MPG og gangfelt mellom Tuv og Trøim. Samtidig er det ei stor utfordring å få til ei omlegging av Rv52 utanom Hemsedal sentrum.
Et er samt med hemsedølene i alt dette, og vil leggja til at det er meir enn urimeleg å gjera eit stamvegvedtak sentralt utan å ta omsyn til dei problema som ein dermed påfører bygdesamfunn lokalt. Det er truleg ikkje naudsynt å nemne at det her ikkje berre er tale om eit lite bygdesamfunn, men eit område som inngår i offentlege og nasjonale satsingsområde for rekreasjon og reiseliv.

Sissel Rønbeck (A)

Svar

Sissel Rønbeck: Trafikken gjennom Hemsedal har auka dei siste 7 åra, men auken har minka sterkt frå 1992 og fram til i dag. Talet på køyretøy over fjellet er lågt. Tung- trafikkdelen har auka til omlag 20 % i dag, men talet på tunge køyretøy over fjellet er likevel under 100 pr døgn.
Lokaltrafikken og turisttrafikken til Hemsedal verker med til at trafikken på strekninga Ulsåk-Trøim-Tuv er relativt stor med ein årsdøgntrafikk på mellom 3300 og 3800 køyretøy, og det er vesentleg meir trafikk i vinterferien, påska, sommarferien og i helgene enn det er på vanlege dagar. Størst kvardagstrafikk har Trøim med 3000 køyretøy. Trafikkauken som kan påreknast etter at tunnelen Lærdal-Aurland opnar, vil i vintersesongen medføre at trafikken på riksvegen forbi Hemsedal sentrum kan bli omlag 4000 køyretøy pr døgn. Utanom vintersesongen er det ikkje venta at trafikken vil auke nemneverdig.
Det er relativt små ulukkestal på rv 52 i Hemsedal. Ulukkesfrekvensen er lågare enn normalt for denne typen veg. Eit unnatak frå dette er strekninga frå Robru til Ulsåk der ulukkesfrekvensen er 0,21, mens normalen er 0,17. Sjølv om ulukkesfrekvensen har vore låg, har mange av ulukkene vore alvorlege. Ein femdel av ulukkene på rv 52 frå Robru til Sogn og Fjordane grense har i dei siste 10 åra vore dødsulukker.
Det er no bygd samanhengande gang- og sykkelveg på den mest trafikkerte strekninga i Hemsedal - frå Ulsåk til Trøim nord. Det er Êg aktuelt å føre gang- og sykkelvegen 6,5 km vidare frå Trøim til Tuv i etappar. I kommuneplanen for Hemsedal for perioden 1992-2003 er det lagt inn ei line for ny rv 52 frå Ulsåk til Tuv. Prosjektet omfattar 10 km ny veg, men kan bli delt i etappar.
Prioriteringa av tiltak på rv 52 vil bli fastsett ut frå den strategi som blir resultatet av den sentrale handsaminga av NVVP 1998-2007. I samband med dette vil Buskerud fylkeskommune si prioritering av fylket sine rammer ved handsaminga av handlingsprogrammet hausten 1997, bli tillagt stor vekt.