Skriftleg spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:89 (1996-97)
Innlevert: 26.02.1997
Sendt: 26.02.1997
Svart på: 06.03.1997 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Reidar Sandal

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): "I salderinga av budsjettet for 1997 vart det m.a. vedteke å gje 25.000 til nye lærebedrifter og ekstra tilskot til auke av antal lærekontrakter i ei bedrift.
Korleis vil Statsråden sikra at bedrifter tilknytta opplæringskontor får desse tilskota?"

Grunngiving

Reidar Sandal (A)

Svar

Reidar Sandal: Eg viser til brev av 26.2.97 med spørsmål om korleis Statsråden vil sikre at bedrifter tilknytta opplæringskontor, vil få dei nye tilskota til lærebedrifter som blei vedteke i salderinga av budsjettet for 1997.
Intensjonen med dei nye tilskota er å stimulere bedrifter som ikkje har hatt lærlingar til å etablere læreplassar, og å stimulere eksisterande lærebedrifter til å ta inn fleire lærlingar. Bedrifter som ikkje tidlegare har vore lærebedrift, og som teiknar lærekontrakt for første gong i 1997, får eit tilskot på 25000 kroner. Lærebedrifter som aukar talet på løpande lærekontrakter, får eit tilskot på 18000 kroner for kvar lærekontrakt som inneber ein auke frå 1996 til 1997.
Opplæringskontor er eit organ for samarbeid mellom fleire bedrifter som saman tek på seg ansvar for opplæring. Opplæringskontoret skal mellom anna syte for at lærlingen i løpet av den samla læretida får opplæring i samsvar med læreplanane. Opplæringskontoret skal syte for supplerande opplæring gjennom kurs til den enkelte lærlingen. I eit opplæringskontor blir lærekontrakta teikna med lærling og opplæringskontor som partar, jf. lov om fagopplæring i arbeidslivet §4, 2. Alle offentlege tilskot blir gitt til opplæringskontoret. Bedrifter som blir medlem av eit opplæringskontor, får ikkje offentlege tilskot. Det er opplæringskontoret som avgjer kor stor del av tilskotet som skal gå til drift av kontoret og kor mykje som skal overførast til medlemsbedriftene.
Når departementet har utforma nærare reglar for dei to nye tilskota, har ein lagt til grunn at det er teikning av lærekontraktar som skal utløyse tilskot.
Reglane for opplæringskontor er slik:
- Eit opplæringskontor som blir etablert og teiknar lærekontrakt for første gong i 1997, har rett til tilskot som ny lærebedrift, det vil seie 25000 kroner.
- Eit opplæringskontor får tilskot for auke i talet på lærekontraktar. Dersom kontoret til dømes aukar talet på løpande lærekontraktar med 10 frå 1996 til 1997, får kontoret eit tilskot på 180000 kroner.
- Dersom bedrifter som kvar for seg hadde lærekontraktar i 1996, går saman og dannar opplæringskontor i 1997, kan kontoret få tilskot for eventuell auke i talet på lærekontraktar frå 1996 til 1997. Utgangspunktet for å rekne ein eventuell auke i kontraktar, er talet på lærekontraktar dei aktuelle bedriftene hadde til saman før dei danna eit opplæringskontor.
- Bedrifter som melder seg ut av opplæringskontor og teiknar lærekontrakt har ikkje rett til tilskot etter dei nye tilskotsordningane.
Det er som nemnt, opplæringskontoret som teiknar lærekontrakt og som er tilskotseining. Bedrifter som blir medlem av opplæringskontor, får ikkje tilskot som ny lærebedrift på 25000 kroner. Dette ville bryte med prinsippet om opplæringskontoret som tilskotseining. Vidare ville ein slik praksis innebere at opplæringskontoret ikkje kunne få tilskot for ein eventuell auke i talet på lærekontraktar. Det er behov for å styrke opplæringskontora, og eg kan ikkje sjå at ei slik ordning tener dette føremålet. Det er dessutan nødvendig å hauste erfaringar med tilskotsordningane før ein gjer eventuelle endringar.