Skriftleg spørsmål fra Unn Aarrestad (Sp) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:232 (1998-99)
Innlevert: 26.03.1999
Sendt: 26.03.1999
Svart på: 09.04.1999 av landbruksminister Kåre Gjønnes

Unn Aarrestad (Sp)

Spørsmål

Unn Aarrestad (Sp): Norge importerar storfekjøt gjennom GSP-ordninga frå Botswana og Namibia til om lag halvparten av prisen på norsk kjøt på marknaden. Ingen av desse landa står på FN si liste over MUL-land. Dette inneber dessutan at ein stor fortenestemargin i all hovedsak går til norske importørar. Det importskapte marknadsoverskotet representerer nå som fylgje av MUL-ordninga alvorlege marknadsforstyrringar. Når vil statsråden endra på dette?

Grunngiving

Mange bønder gjekk over til å driva med kjøtproduksjon etter oppfordring frå styresmaktene. Dette skulle m.a. avhjelpa mjølkeoverskotet. Nå er dekningsbidraget så lågt for mange av dei som driv med ammekyr og slaktedyr, at fleire bønder vurderar å slutta med dette. Ikkje minst er dette svært vanskeleg i sone 0.
Mange av desse bøndene kjem i ein vanskeleg situasjon sidan dei har bygningar som nå er innretta for kjøtproduksjon, og ikkje har mjølkekvote. I tillegg er det svært vanskeleg for bønder å ikkje vita kva vilkår ein kan planleggja etter framover.
I St.prp.nr.67 (Jordbruksoppgjeret 1998) står det: "Regjeringen vil evaluere GSP-ordningen og MUL-ordningen for å sikre at den mest mulig kommer utviklingslandene til gode."
I innstillinga frå Stortinget sin næringskomite heiter det: "Flertallet understreker at ordningen med MUL-import har bred støtte i Stortinget. Likevel finner flertallet det naturlig at det arbeides videre med fornuftige systemer i tilknytning til denne importen slik at en kan bidra til å nå ulike målsettinger. Dette gjelder både i forhold til å sikre at MUL-importen skaper verdier som kommer de ulike MUL-land til gode, men også at importen kan skje på en slik måte at eventuelle skadevirkninger for norsk landbruk begrenses i størst mulig grad."
Med bakgrunn i dette reknar eg med at statsråden vil gjera noko med dette nå.

Kåre Gjønnes (KrF)

Svar

Kåre Gjønnes: Ut frå ei samla vurdering, der det og vart lagt vekt på marknadssituasjonen, foreslo Regjeringa i St.prp. nr 67 om Jordbruksoppgjeret 1998 at den eksisterande GSP-ordninga vart ført vidare, men at mekanismar for å hindre uro i marknaden skulle løysast ut dersom importen frå MUL-land kom opp i 2700 tonn utbeina storfekjøtt. I innstillinga frå næringskomiteen om jordbruksoppgjeret (Innst. S. nr 235) slutta fleirtalet i Stortinget seg til dette. Samtidig ba næringskomiteen Regjeringa vurdere om det kan innførast eit auksjonssystem for importen frå MUL-land.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå ulike departement har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper med å iverksetje eit auksjonssystem for import av storfekjøtt frå MUL-land. Regjeringa vil rapportere attende om denne saka til Stortinget i proposisjonen om jordbruksoppgjøret eller budsjettproposisjonen for år 2000. Uavhengig av konklusjonen med omsyn til eit auksjonssystem er det Regjeringa si målsetting å prøve å legge til rette for at det blir minst mogleg uro i marknaden for storfekjøtt. Gjennom jordbruksavtalen er det Regjeringa sitt mål å skape eit grunnlag for at produsentar av storfekjøtt kan oppnå fastsett målpris. Eit viktig tiltak i så måte er å få til ein betre marknadsbalanse for storfekjøtt. Dette krev samarbeid mellom myndigheiter, jordbruksorganisasjonar og aktørar på storfekjøttmarknaden. Eg meiner at Regjeringa gjennom fastsett landbrukspolitikk har gitt verdifulle bidrag til å sikre kjøttprodusentane inntekter. Marknadssituasjonen for storfekjøtt vil og bli vurdert nærare i samband med det foreståande jordbruksoppgjeret.