Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:280 (1998-99)
Innlevert: 10.05.1999
Sendt: 11.05.1999
Svart på: 19.05.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Høgskulane i Møre og Romsdal la hausten 1998 fram for KUF-departementet eit forslag til organisering av den framtidige høgskuleutdanninga i Kristiansund. Dei har enno ikkje fått svar. Korleis ser statsråden på framtida for det desentraliserte høgskuletilbodet på Nordmøre, og kva initiativ vil han eventuelt ta for å kome vidare?

Grunngiving

Nordmøre har ikkje eigen høgskule, og dei tre høgskulane i Møre og Romsdal har difor gitt desentraliserte tilbod i Kristiansund. Tilbodet har på mange måtar fungert godt, men ei samarbeidsgruppe med representantar frå Kristiansund kommune og dei tre høgskulane har peika på fleire ting som må forbetrast for at ein skal kunne skape eit undervisnings- og læringsmiljø i Kristiansund som er tilpassa framtida sine behov.

Nordmørsregionen har i lang tid hatt problem med å rekruttere og halde på høgt kvalifisert arbeidskraft. Eit godt utdanningstilbod i regionen kan vere eit viktig tiltak for å rette på dette. Departementet har også i brev 17.03.95 pålagt dei tre høgskulane å gi eit tilbod i Kristiansund. Det er viktig at dette tilbodet blir så godt som muleg.

Stortinget har fleire gonger uttalt seg positivt om desentralisert høgare utdanning og peika på at det er ein føresetnad at desse tilboda held same faglege kvalitet som ordinære studier. Seinast i mars i år uttalte ein samla KUF-komite m.a i samband med stortingsmeldinga om økonomien i den statlege høgskolesektoren: "Komiteen ser det som en nasjonal oppgave å gi studietilbud desentralisert, og vil stimulere de høgskoler som velger å legge ut en del av sine tilbud."

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Etter oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU) gjennomført ei evaluering av ordningane med desentralisert høgskoleutdanning i Kongsvinger og Kristiansund. I samband med denne evalueringa har høgskolane i Møre og Romsdal søkt om oppretting av eit studiesenter for å gi ei fastare organisatorisk ramme for den desentraliserte undervisninga.

Eg har vurdert evalueringsrapporten frå NIFU og eg har registrert at den gir ein grundig analyse av den desentraliserte verksemda i Kongsvinger og Kristiansund. Hovudinntrykket frå evalueringa er at dei desentraliserte studia har vore vellykka tiltak. Til dei fleste studia har det vore god søking. Studentane har høg gjennomføringsprosent innanfor normert tid (75 pst i Kristiansund), og karakternivået er tilnærma det same som ved tilsvarande ordinære studium.

Når det gjeld spørsmålet om framtida for det desentraliserte studietilbodet på Nordmøre, og søknaden frå høgskolane om oppretting av eit studiesenter, ser eg likevel behovet for å gjere ei meir prinsipiell vurdering av korleis desentraliserte studietilbod skal finansierast og organiserast .

Den desentraliserte verksemda i Kristiansund vil difor bli vidareført som tidlegare i studieåret 1999/2000. Vidare vil ulike problemstillingar og modellar knytt til drift og organisering bli vurdert i samband med oppfølginga av St meld nr 42 (1997-98) Kompetansereformen og utgreiinga frå utvalet som skal utgreie norsk høgre utdanning etter år 2000 (Mjøs-utvalet).

Eg vil og nemne at departementet ønskjer å betre handlingsrommet til høgskolane slik at dei kan leggje studietilbod desentralisert i regionar med særskilte behov. Departementet vil i samband med dette fordele 8 mill kr til delvis dekning av meirkostnadene ved slik verksemd i 1999. Høgskolane i Møre og Romsdal vil bli vurdert ved fordelinga av desse midlane.