Skriftleg spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:329 (1998-99)
Innlevert: 08.06.1999
Sendt: 09.06.1999
Svart på: 16.06.1999 av olje- og energiminister Anne Enger

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Skilnadene i nettleie er svært store. I Nord-Trøndelag er t.d prisen inkl. moms knapt 31 øre/kWh, som er meir enn 13 øre/kWh eller 77 % over det el-kundane i Oslo må betale. Med eit forbruk på 20 000 kWh. må altså nordtrønderen ut med kr. 2600 meir enn Osloborgaren. Dette er uakseptabelt og ikkje i samsvar med måla i Innst. O. nr. 67 (1989-90) s.1 om å: "utjevne prisene til forbrukerne."
Kva vil statsråden gjera, evt. kan det vera aktuelt å innføra ei utjamningsordning jf. ordninga for drivstoff?

Anne Enger (Sp)

Svar

Anne Enger: For hushald utgjer overføringstariffen grovt sett ein tredel av den totale rekninga, dei to andre delane er skattar og avgifter og sjølve straumprisen. Variasjonane i sjølve straumprisen er relativt låg, mellom anna som følgje av hushalda si mogelegheit til å velje leverandør fritt.

Overføringstariffen til hushald pr 01.01.1999, inklusiv meirverdiavgift, varierer mellom 16,3 øre/kWh og 37,5 øre/kWh for ein kunde med eit forbruk på 20 000 kWh. Gjennomsnittleg overføringstariff ligg på 23,2 øre/kWh. Nesten 80 prosent av distribusjonsverka sine tariffar ligg mellom 20 og 30 øre/kWh. Variasjonane skyldast i stor grad ulike kostnader som fylgje av topografi, klima, busetjing og tidspunktet for investeringar i nettet, men skilnader i effektivitet i distribusjonsverka kan og verka inn. Større nett- eller tarifferingsområde, for eksempel ved samarbeid eller samanslåing mellom tilgrensande nett, kan ha ein utjamnande effekt på overføringstariffen i dei einskilde tarifferingsområda.

Regjeringa legg vekt på omsyn til distrikta i spørsmål om kraftoverføring. I Stortingsmelding nr 29(1998-99) om energipolitikken har departementet mellom anna sagt at skilnadene i overføringstariffane på landsbasis som følgje av naturgjevne forhold bør reduserast. Departementet vurderer ulike ordningar som direkte reduserer overføringstariffen i område i landet med høge overføringstariffar, mellom anna ei ordning etter modell av fraktutjamninga for drivstoff.