Skriftleg spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:358 (1998-99)
Innlevert: 18.06.1999
Sendt: 21.06.1999
Svart på: 25.06.1999 av fiskeriminister Peter Angelsen

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Innan oppdrettsnæringa er det godt regelverk for å ta vare på avfallsprodukta ved slakting av fisk. Dette er godt for miljøet og det er også eit produkt som kan vidareforedlast som ein forretningside.
Det som ikkje er like godt ivareteken er utkastfisk og biprodukter frå dei øvrige fiskeria.
Vil fiskeriministeren bidra til at det blir etablert ordningar som kan gjera det lønsamt å foredla biprodukt frå fiskeria, og korleis kan fiskerimininsteren medverka til at dette prosjektet kan bli ein realitet?

Grunngiving

Hordafor A.S er ein spesialbedrift for foredling av biprodukt frå oppdretts-og fiskerinæringane. Bedrifta er etablert i Hordaland, Møre og Romsdal og i Lofoten. Bedriften har utvikla ustyr for ensilering og lagring av biprodukt, som er plassert ute på oppdrettsanlegg og slakteri.
Gjennom lang erfaring og kontroll med alle ledd i prosessen er det blitt utvikla lønsame produkt av høg kvalitet. Over 90% av avfallet blir teken vare på.
Nå vil Hordafor utvikla foretningsideen sin til å omfatta utkast og biproduksjon frå dei øvrige fiskeria. Hordafor Barents disponerer lokaler i Honningsvåg. Både utfrå eit miljøomsyn og utfrå eit ressursomsyn er desse produkta viktig å foredla vidare.

Peter Angelsen (Sp)

Svar

Peter Angelsen: Status og perspektiv på biproduktområdet

Eg er svært oppteken av at vi klarer å utnytte biprodukta frå fiskeri- og havbruksnæringa. Dette vil gje større avkasting av ressursane og medverke til ei berekraftig næring.

Auka totalutnytting av dei marine ressursane har vore eit prioritert innsatsområde for fiskeriforvaltinga dei siste 10-åra. Gjennom stiftelsen RUBIN har det offentlege satsa særskilt 33 mill. kroner på utvikling av biprodukt sidan 1991. I tillegg kjem støtte til prosjekt på same område gjennom Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og Norges forskningsråd. RUBIN blei frå 1998 ført vidare i regi av Norges Fiskarlag og Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening.

Sidan 1991 har verdiskapinga frå biprodukt auka frå ca 370 mill. til ca 900 mill. kroner, og potensial for vidare vekst er stort. Framleis blir ca 230 000 tonn av biprodukta kasta i fiskeflåten.

I den nyleg framlagde stortingsmeldinga om fiskeripolitikken - St meld nr 51 (1997-98) - Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring - er biproduktssektoren framheva som eit viktig satsingsområde. Hovudutfordringane er både knytt til å få tatt vare på dei biprodukta som i dag blir kasta, og gjennom forsking og utvikling finne fram til fleire og høgare betalte produkt av dette råstoffet.

I næringskomiteen si innstilling til Perspektivmeldinga, jf Innst. S. nr. 93 (1998-99) understrekar Stor-tinget særleg at det ved reglar for utforming av fartøy må leggjast vekt på omsynet til biprodukt, og på innsats innanfor forsking og utvikling.

I retningslinene for verksemda til både SND og Norges forskningsråd er ei satsing på biprodukt framheva som eit viktig innsatsområde i 1999.

Hovudprinsipp i politikken framover

Grunngjevinga for å etablere ordningar i oppdrettsnæringa for å ta hand om bipro-dukt må sjåast på bakgrunn av problem med deponering og forureining. Innan den fangstbaserte delen av næringa kan utkast av biprodukt vanskeleg karakteriserast som eit forureiningsproblem, bortsett frå dumping i indre hamnebasseng og som blir regulert gjennom eigne reglar.

Eg ser det ikkje som aktuell politikk å innføre pålegg om å bringe i land alt av biprodukt frå fiskeflåten. Høgare verdiskaping av biprodukta i den fangstbaserte delen av næringa er då i første rekkje avhengig av at ein utviklar teknologi, fartøy, infrastruktur og rammevilkår som gjer det mogeleg å produsere kostnadseffektivt og å ta vare på kvaliteten på biproduktråstoffet.

I den gjennomgangen Fiskeridepartementet no gjer av konsesjonsregelverket, er det eit siktemål at eit revidert regelverk skal bidra til at rederia står friare med omsyn til fartøyutforming. Det vil òg gjere det enklare for fiskeflåten å ta vare på alt råstoff frå fiske.

Særskilt om Hordafor Barents og etablering av eit anlegg i Honningsvåg

Fiskeridepartementet har tidlegare i brev av 15 april 1997 motteke førespurnad frå Atlanticon bedriftsrådgiving A.S på vegne av Hordafor om å bidra med støtte til etablering av eit anlegg for biprodukt i Honningsvåg. I brev av 23 mai 1997 gav departementet uttrykk for at det ikkje var aktuelt å yte støtte til prosjektet direkte frå departementet, då departementet ikkje sjølv disponerer midlar til denne type av enkeltprosjekt.

Det blei vidare i svaret vist til at hovuddelen av dei økonomiske verkemidla på fiskeri- og havbrukssektoren til praktisk retta næringsutviklingstiltak blir forvalta av SND, og spørsmålet om støtte frå offentlege midlar må vurderast av SND. Hovudprinsippet er då omsynet til å få ei samla prioritering av næringsutviklingstiltak, og omsynet til lik handsaming av søkjarar om prosjektmidlar/investeringsstøtte på dette området.

Eg kjenner elles godt til Hordafor sine planar om eit anlegg for biprodukt i Honningsvåg, og deltok seinast i februar 1999 på eit biproduktseminar i Honningsvåg kor spørsmålet om eit slikt anlegg sto i fokus.