Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:32 (1999-2000)
Innlevert: 01.11.1999
Sendt: 02.11.1999
Svart på: 09.11.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Ein del vidaregåande skular vil ikkje skrive ut vitnemål på engelsk. Dette skaper problem for mange som vil studere i utlandet.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at dei som treng slike vitnemål kan få dette utan problem, og korleis ser statsråden på den noko varierande praksisen når det gjeld gebyr for å få vitnemål på engelsk?

Grunngiving

Både International Education Centre, som rettleier norske studentar ved 21 studiestader i utlandet, og ANSA melder om at studentar ein del stader har problem med å få utskrift av vitnemål frå vidaregåande skular på engelsk. Dette skaper problem for studentane, og det er ønskeleg at departementet slår klart fast at den einskilde skule har plikt til å skrive ut vitnemål på engelsk når dette blir kravt.
Det er også grunn til å spørje om det er tilrettelagt med malar for slik utskriving og om korleis statsråden ser på at det er svært ulik praksis når det gjeld gebyr ved utskriving av vitnemål på engelsk.
Det må vere ei prioritert oppgåve å stimulere norsk ungdom til å ta heile eller deler av studiet i utlandet. Lett tilgang til nødvendig dokumentasjon er ein av fleire førestnader for å lukkast med dette.

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Departementet har bestemt at dei vidaregåande skolane i tillegg til å skrive ut vitnemål på norsk, har høve til å skrive ut tilleggs-vitnemål på engelsk, fransk, tysk eller spansk. Land med desse språka er særleg aktuelle for norske utanlandsstudentar. Ordninga gjeld berre for studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Dei framandspråklege vitnemåla er berre gyldige saman med godkjent kopi av det norske originalvitnemålet. Frå staten si side er det lagt til rette for ei rasjonell utferding av dei framand-språklege vitnemåla, mellom anna ved elektronisk utlegging av malar for vitnemål på dei nemnde språka.
Departementet meiner at denne ordninga kan gjere situasjonen enklare for studentane, samstundes som ein minskar risikoen for forfalsking.

Det er i dag ikkje ei klårt heimla plikt for skolane til å skrive ut framandspråklege tilleggsvitnemål. Det synest som om utskriving av slike vitnemål likevel har fungert bra dei siste åra. Etter det eg veit har alle dei elevane som har hatt behov for tilleggsvitnemål i samband med søking om opptak til studiar i utlandet, fått dette, når dei har vendt seg til skolen som har skrive ut originalvitnemålet.


Ein del av dei elevane som vil søkje om opptak i utlandet har derimot vore misnøgde med at skolane ikkje tidsmessig har prioritert høgt nok deira ønskje om å få tilleggsvitnemål, og at dei har måtte betala for å få slike vitnemål.

Sidan utskriving av framandspråklege vitnemål til no har vore ei tilleggsteneste frå skolane si side, finn eg det rimeleg at dei har bede om å få dekt meirkostnadane sine ved slik utskriving. Desse kostnadene kan sjølvsagt variere noko frå skole til skole med kva slags rutinar dei har for sjølve vitnemålsutskrivinga. Når skolar mottek ønskje om å få skrive ut framandspråklege vitnemål, er det også rimeleg at skolane må få planleggje dette arbeidet i samanheng med anna arbeid dei har. Dei elevane som har behov for tilleggsvitnemål på anten engelsk, fransk, tysk eller spansk, bør be om dette i god tid. Med den tilgang dei vidaregåande skolane no har på elektroniske skoleadministrative system, vil eg tru at det også er mogleg å legge opp til enkle rutinar mellom anna for utskriving av tilleggsvitnemål.

Eg vil ta initiativ til ei kartlegging av situasjonen rundt utskriving av framandspråklege tilleggsvitnemål. Deretter vil eg saman med fylkeskommunane vurdere kva for løysingar som er aktuelle på dei spørsmåla som er teke opp av representanten Løvik. Dette inneber mellom anna å vurdere om det skal forskriftsfestast ei plikt til å skrive ut desse vitnemåla.