Skriftleg spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:49 (1999-2000)
Innlevert: 08.11.1999
Sendt: 09.11.1999
Svart på: 15.11.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Fleire privatpersonar har opp gjennom tida teikna festekontrakt på prestegardsgrunn for oppføring av bustad og anna. I dei fleste høva skjedde dette for ein del år sidan. I samband med festekontrakta var det knytt til fleire vilkår.
Korleis vurderer departementet i dag vilkår som blei sett for om lag 50 år sidan i høve til dans, skjenking av rusdrikk, drift av kafe og anna?

Grunngiving

I Drangedal kommune ligg Drangedal prestegård sentral plassert i sentrum av kommunen. Ei slik plassering gjorde sitt til at fleire privatpersonar teikna festekontrakt for oppføring av bustad eller forretningseigedomar med prestegården, som på vegne av kirke- og undervisningsdepartementet inngjekk avtala for seinare godkjenning i departementet på 40- og 50-talet. I eitt av vilkåra står det følgjande:

" På parsellen eller i husa som blir oppført på den, må det ikke holdes off. forlystelser, dans, kortspill og lignende. Der må ikke tilvirkes, selges eller skjenkes rusdrikk i noen som helst form. Der må ikke drives kafe, hotell eller handel uten departementets samtykke. osv."

Dette spørsmålet har meldt seg etter at kommunestyret nå har godkjent etablert ein restaurant med skjenkeløyve på prestegårds grunn.

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: I eldre tider blei festekontraktar som oftast inngått direkte mellom soknepresten og festarane. Det var difor ofte sett inn vilkår som presten tykte var laglege av omsyn til rolege forhold kring prestebustad og kyrkje. Slike meir subjektive vilkår i festekontraktar som spørsmålet gjeld har ikkje vore håndheva frå departementet si side og har etter ca 1960 ikkje vore tatt inn i våre kontraktar. Slike vilkår er heilt umogleg å kontrollere, jamfør den store festemassen på opphaveleg ca. 20 000 kontraktar (no ca. 13 000) spredt over heile landet.

Det er mogleg at slike vilkår tidlegare kan ha hatt ein viss verknad lokalt, men no har lovgjevinga tatt over dette ansvaret. Det er kommunestyret som etter lov om serveringsvirksomhet av 13. juni 1997 nr 55 har rett til å gje t.d. skjenkeløyve. Ansvaret for ro og orden er eit lokalt ansvar og ein må tru at både kommunestyre, politi og andre offentlege instansar gjer ei grundig vurdering i slike saker.

Dersom ei boligtomt t.d. vert omregulert til næringstomt skal grunneigar ha melding om det, da slike endringar m.a. kan gi høve til auka festeinntekt for tomta.