Skriftleg spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:154 (1999-2000)
Innlevert: 25.01.2000
Sendt: 25.01.2000
Svart på: 02.02.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Hopen vidaregåande skule, som blir drevet av Pinsevennenes Evangeliesenter, gir eit utdanningstilbod for ungdom med russkader. For å kunne utvide tilbodet frå grunnkurs til vidaregåande kurs, treng skulen å bygge på sine lokaler. Dette har skulen søkt departementet om. Vil og kan departementet gje støtte til ei slik utbygging?

Grunngiving

Hopen vidaregåande skule ønskjer å gje desse ungdommane eit tilbod til å fullføre ei utdanning innanfor den tette sosiale oppfølginga som skulen tilbyr. Mange elevar har fått problem når dei må bytte skule for å gå på VK II. Viser elles til at skulen er godkjent som privatskule for funksjonshemma etter Privatskulelova sin paragraf 26, tilskotsregel nr. 2.

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Hopen vidaregåande skole får tilskot etter privatskulelova § 26 tilskotsregel nr. 2 vidaregåande skular for funksjonshemma. Etter denne tilskotsregelen blir "Alle driftsutgifter dekte ved statstilskot". I tillegg kan skulane "etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter". Tilskotsordninga blir praktisert slik at skulane får husleigetilskot som ein del av driftstilskotet. Der skulen eig lokala sjølv, går husleigetilskotet til å dekkja kapitalutgifter, avskrivingar og vedlikehald knytt til skulelokala. Det er difor ikkje aktuelt at departementet gjev tilskot til utbygging av lokala.

Departementet har nettopp godkjent Hopen vidaregåande skole for VKII allmennfagleg påbygging. Departementet har vidare godkjent ei utviding med 4 elevar på VKI snekkarfag. Dersom det etter dette er naudsynt å utvida lokala, kan skulen søkja departementet om tilskot til dei auka husleigekostnadene. I vurderinga av slike søknader legg departementet vekt på om det samla arealet skulen rår over er rimeleg i høve til undervisningstilbodet, og om leigeprisen er innanfor den vanlege marknadsleiga i området.