Skriftleg spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til justisministeren

Dokument nr. 15:285 (1999-2000)
Innlevert: 11.04.2000
Sendt: 12.04.2000
Svart på: 18.04.2000 av justisminister Hanne Harlem

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Brev frå Jæren Sorenskriverembete og Stavanger Byfogdembete av 4. og 12. januar 2000 syner ingen planar om endring/samordning for å opna for borgarleg vigsel på laurdag.
Kva er Statsråden sin reaksjon på dette, og kva initiativ vil ho ta for å få til endringar som lova i spørjetimen 03.11.99?

2 vedlegg til spørsmål:


Vedlegg 1.
Brev frå Jæren Sorenskriverembete v/ Jon Høyland til Grethe Regine og Jostein Rubæk Ueland, Bergen vedr. Vigsel på laurdag. Datert 4. januar 2000.


Vedlegg 2.
Brev fra Førstebyfogd Ernst Moe ved Stavanger Byfogdembete til Grethe Regine Braut, Bergen. Datert 12. januar 2000. ref. 1/2000/St.byfogd/EM/419

Grunngiving

Hanne Harlem (A)

Svar

Hanne Harlem: Domstolane er i dag ikkje pålagt å tilby laurdagsvigsel. Dei fleste byfogdane i dei større byane, og nokre sorenskrivarar tilbyr laurdagsvigsel som ei fast ordning. Utover dette er det opp til den enkelte domar å avgjere førespurnader om laurdagsvigsel.

Justisdepartementet har som mål at publikum skal få eit tilbod om laurdagsvigsel. Ei arbeidsgruppe har utarbeida ein rapport med framlegg til service-erklæringar i by- og heradsrettane. I rapporten vert mellom anna laurdagsvigsler omtala. Arbeidsgruppa gjer framlegg om at publikum skal få eit tilbod om laurdagsvigsler enkelte laurdagar i året, enten ved den lokale domstolen eller ved ein domstol i rimeleg nærleik. Arbeidsgruppa meinte innhaldet i framlegga burde liggja til grunn som minstekrav ved den enkelte domstol. Framlegget har vore på høyring og eit fleirtal av dei som uttala seg var einig med arbeidsgruppa på dette punktet.

Justisdepartementet kom likevel til, etter ei totalvurdering, at ein burde vera tilbakehaldne med å instruera domstolane på dette området inntil det er tatt stilling til sentrale problemstillingar i Domstolkommisjonen og Strukturutvalget sine utgreiingar. Rapporten frå arbeidsgruppa vart difor sendt alle by- og heradsrettar med oppmoding om å fylgje opp arbeidet med serviceerklæringar, herunder oppmoding om å tilby laurdagsvigslar enkelte dager om sumaren eventuelt i samarbeid med andre nærliggjande domstolar.

Eg har imidlertid merka meg at byfogden i Stavanger ikkje har eit slikt tilbod, og at sorenskrivaren i Jæren tilbyr laurdagsvigsel ein laurdag på sumaren.

Med bakgrunn i det ovanfor nemnde ynskjer eg likevel ikkje å påleggje igangsatt laurdagsvigslar på det noverande tidspunkt, men fasthaldar oppfordringen til den enkelte domstol om å forsøke å finne løysingar for å tilby laurdagsvigslar i alle fall nokre laurdagar.