Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:389 (1999-2000)
Innlevert: 16.06.2000
Sendt: 16.06.2000
Svart på: 23.06.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Lønnsoppgjeret for lærarar får også konsekvensar for mange privatskular.
Når kan privatskulane rekne med å få kompensert auka utgifter til lærarløn gjennom auka tilskot frå Staten?

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: I forkant av Statsbudsjettet 2001 blir det rekna ut nye tilskotssatsar til private skular. Det vil då bli tatt omsyn til lønnsvekst for pedagogisk personale ved lønnsoppgjeret i 2000.
Satsane for 2000 ble vedteken av Stortinget ved godkjenninga av Statsbudsjettet 2000. Lønnsveksten for lærarar ved lønnsoppgjeret i år vil derfor ikkje bli tatt omsyn til før dei nye tilskotssatsane blir vedtekne av Stortinget gjennom Statsbudsjettet 2001.