Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:72 (2000-2001)
Innlevert: 16.11.2000
Sendt: 16.11.2000
Svart på: 23.11.2000 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Lånekassa sine reglar om aldersgrense tar ikkje omsyn til søkjarar som på grunn av eit års opphald i utlandet blir 19 år før dei får gjennomført siste skuleår i vidaregåande skule. Dette fører til at søkjaren får om lag 15 000 kr mindre enn ein søkjar under aldersgrensa.
Meiner statsråden at denne ordninga er i samsvar med ønsket om at flest muleg elevar bør ha eit utanlandsopphald i løpet av vidaregåande opplæring, og vil statsråden gjere noko for å endre reglane?

Grunngiving

Spørsmålet byggjer på eit konkret tilfelle der søkjaren tok eit år på High School i USA mellom grunnkurset og VK1. Det synest urimeleg at ein skal bli økonomisk straffa for å ha tiltak nok til å ta eit år i utlandet. Ordninga er også i strid med styresmaktene sitt uttalte ønskje om at elevar i vidaregåande opplæring bør få høve til eit opphald i utlandet i skuletida. Det er difor fleire grunnar til å endre Lånekassa sitt regelverk når det gjeld slike tilfelle.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Eg viser til ditt brev av 16. november 2000 med spørsmål om kvifor elevar som har teke eit år i utlandet ikkje får same støtta til tredje året i vidaregåande opplæring som elevar som tar dei tre åra utan opphald.
I lov om utdanningsstøtte heiter det: "Kongen fastsetter en øvre aldersgrense for behovsprøving mot forsørgers inntekt og formue." Det er denne grensa som til vanleg blir omtalt som aldersskillet.
Hovudregelen er at aldersskillet går ved 19 år i vidaregåande opplæring. Unntaka som er gjorde, gjeld elevar som har forseinka skolestart eller har gått om eit år i grunnskolen eller i vidaregåande opplæring på grunn av sjukdom eller etter sakkunnig vurdering eller som tar folkehøgskole som siste år i eit fireårig løp.
Eg viser til at heile studiefinansieringsordninga ble gjennomgått i NOU 1999:33, og at eg vil kome tilbake til Stortinget med ei melding våren 2001 som også vil ta for seg problemstillinga omkring aldersskillet.