Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:246 (2000-2001)
Innlevert: 27.02.2001
Sendt: 27.02.2001
Svart på: 06.03.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i høyringsnotat 20.12.00 m.a. foreslått å fjerne den økonomisk/administrative retninga i studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag. Forslaget har skapt sterke reaksjonar i fleire fagmiljø. Det blir m.a. hevda at forslaget vil føre til at dei økonomisk/administrative faga vil bli nesten utradert som studieførebuande fag.
Kva vil statsråden gjere for å unngå at dei økonomisk/administrative fag blir svekkja på denne måten?

Grunngiving

Forslaga som ligg i høyringsnotatet betyr at det meste av fagtilbodet som fanst i det gamle handelsgymnaset og den gamle studieretninga for handels- og kontorfag forsvinn som studieførebuande fag i vidaregåande skule. Grunngjevinga for denne nedbygginga er dels behovet for å finne plass til å utvide timetalet i andre fag, dels at deler av faga, som t.d. IKT, blir dekt i grunnskulen. Vidare blir det hevda at det nye yrkesfaget salg og service vil dekke opp deler av dei økonomisk/administrative faga. Eg fryktar at forslaga vil føre til ei rasering av eit viktig studieførebuande fagfelt.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Eg viser til spørsmål frå representanten Petter Løvik om forslag til endringar i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag (AA).
Eg vil peika på at forslaga som er sende på høyring mellom anna har bakgrunn i at Stortinget i si handsaming av St.meld. nr. 32 (1998-99) "Videregående opplæring", jf. Innst. S. nr. 246 (1998-99), gjorde følgjande vedtak:
· "Stortinget ber Regjeringa etablere dei to nye grunnkursa, media/kommunikasjon og merkantile fag, frå hausten 2000."
· "Stortinget ber Regjeringa vurdere om det let seg gjere å auke timetalet i kroppsøving i vidaregåande skule."
Etablering av det nye grunnkurset i merkantile fag som nå heiter grunnkurs sal og service fører til at innhaldet i studieretning AA må endrast.
Ein eventuell auke i timetalet til kroppsøving vil måtte føre til ein reduksjon i andre fag.
I høyringsbrevet ligg det ikkje føre forslag om å fjerne studieførebuande studieretningsfag frå studieretning AA. Berre dei yrkesførebuande faga Handels- og kontorarbeid, Kontorautomasjon, Rekneskap, Reklame og Varehandel er foreslått fjerna frå studieretning AA og førte over til den nye studieretninga.
Departementet meiner nå at tida er inne for å forenkla reglane i studieretning AA, ved mellom anna å foreslå at dei same reglane skal gjelde for alle elevane på studieretning AA. Det er ingen særskild grunn for at elevar som vel økonomisk/administrativ retning skal ha reduserte krav til framandspråk. Erfaringar viser mellom anna at elevar vel den økonomisk/administrative retninga for å få fleire timar til fordjuping i realfag.
Departementet vil på grunnlag i det som kjem fram av høyringa, gjere vedtak om eventuelle endringar når det gjeld studieretning AA. Eg reknar ikkje med at forslaga i høyringsbrevet vil svekkja økonomisk/administrative fag som studieførebuande fag.