Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:267 (2000-2001)
Innlevert: 07.03.2001
Sendt: 08.03.2001
Svart på: 16.03.2001 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I Stavanger Aftenblad 1. og 2. mars d.å. kan ein lesa korleis saksmengda og lang ventetid i UDI kan skapa vanskar for "friby-ordninga" i Stavanger. Denne gongen gjeld det spørsmål om pass til eit barn som er fødd i Stavanger. Statsråden har varsla ein gjennomgang av UDI.
Vil ho i mellomtida syta for strakstiltak som inneber ei sortering av ulike søknader slik at ventetida raskt kan reduserast for meir kurante søknader?

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Representant Magnhild Meltveit Kleppa stiller, med bakgrunn i ein søknad om reisedokument, spørsmål om eg vil sørgje for at Utlendingsdirektoratet (UDI) set i verk strakstiltak for å redusere saksbehandlingstida i kurante saker.
Sjølv om eg vanlegvis ikkje kommenterer enkeltsaker, vil eg opplyse om at UDI den 6. mars i år innvilga søknaden om pass i den saka representanten Kleppa viser til. Søknaden vart registrert ved Stavanger politidistrikt den 22. mars 2000, dvs. at det tok nesten eitt år å behandle saka. Dette er for lenge, og er mellom anna årsaka til at eg har varsla ein gjennomgang av UDI.
Ellers kan eg opplyse at regjeringa alt har forenkla regelverket for å redusere saksbehandlingstida i slike saker. Den 01.01.01 blei utlendingsforskrifta endra, slik at politiet no kan fatte vedtak i enkelte kurante saker om utlendingspass og reisebevis, mellom anna i saker der barnet er under 16 år og der begge foreldra har reisebevis eller utlendingspass, jf. utlendingsforskrifta § 75 andre ledd, bokstav a.
Juridisk avdeling i UDI mottok i fjor om lag 120 000 skriftlege brev og førespurnader, og prøver å sile ut og prioritere kurante saker. Men la meg også minne om at mange saker som i utgangspunktet kan synes å være kurante ikkje nødvendigvis er det. Mellom anna må UDI i saker om familiesameining vere sikker på at han eller ho det blir søkt om sameining med, faktisk er vedkommande han eller ho gjev seg ut for å vere. Dersom det er tvil om slike ting, må UDI undersøke saka nærmare, noko som kan ta tid.