Skriftleg spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:437 (2000-2001)
Innlevert: 05.06.2001
Sendt: 05.06.2001
Svart på: 12.06.2001 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Måla er store nasjonalt i samband med utbygging av vindenergi, men det trengst incitament for å få til utbygging med lokal forankring. Desse treng ikkje vere kontroversielle med omsyn til natur og miljø. Det syner seg likevel at det er behov for informasjon som stimulerer til lokale initiativ. I Danmark er åtte av ti vindmøller lokalt eigde. Produksjonen av møllene skjer nasjonalt.
Kva vil statsråden gjere for å stimulere lokale initiativ, ev. til ei nasjonal satsing på mølleproduksjon?

Grunngiving

Viser til diskusjon om dette tema på bl.a. Andøya, og drøftingar der om nye arbeidsplassar i samband med omstillinga i Forsvaret, jf. til dømes Dag og Tid 18. og 25. mai i år.

Olav Akselsen (A)

Svar

Olav Akselsen: Me har i dag liten vindkraftproduksjon i Noreg. Samstundes gjer dei gode vindtilhøva det mogeleg å setja oss store mål. 3 TWh vindkraft innan 2010 er ambisiøst når ein tek omsyn til behovet for offentleg stønad. Men for å nå dette målet må det til ei relativt rask utbygging av fleire større vindkraftparkar. Det er eit poeng at parkane må vera store dersom det skal bli tilstrekkjeleg kWh ut av det. Samstundes er det viktig at utbyggingane skjer mest mogeleg miljøvenleg.
Me har difor valt ein strategi som går på å oppmuntra til å byggja ut større vindkraftparkar på konsentrerte, eigna område framfor små, spreidde utbyggingar og enkeltmøller. Me meiner dette er meir miljøvenleg og energi- og kostnadseffektivt. Dette har me valt å følgja opp ved at staten gjer investeringsstønad og produksjonsstønad, samstundes som det er fritak for investeringsavgift ved utbygging av vindkraft.
Produksjonsmåla me har sett oss og den store politiske fokus i den seinare tid på vindkraft, har utløyst ei stor interesse for å byggja ut vindkraftparkar i Noreg. Berre i løpet av dei seinaste månadene er fleire nye prosjekt melde inn til NVE .
Kommunane og fylkeskommunane må takast med i dette arbeidet. Utan deira støtte vil det vera vanskeleg å nå dei måla me har sett oss. Kommunen kan handsame vindkraftparkane i plansamanheng, og dei er viktige som høyringsinstans i samband med handsaminga av konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing.
Med dette som bakgrunn meiner eg vi alt har gjort mykje for å stimulera til auka vindkraftutbygging i Noreg.