Skriftleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:48 (2001-2002)
Innlevert: 27.11.2001
Sendt: 28.11.2001
Svart på: 06.12.2001 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): Meiner statsråden det er rimeleg at ein kan straffast med fengselsstraff for brot på fiskerireguleringane innanfor 4-milsgrensa, medan den verste sanksjonen for større, havgåande farty som bryt reguleringane, er bøter, og dersom statsråden meiner dette er urimeleg, vil han vurdere tiltak som kan endre situasjonen?

Grunngiving

Avisa Nordlys meldte torsdag 22. november d.å. at ein (i første rekkje kystfiskarar) kan straffast med fengselsstraff for fiskejuks innanfor 4-milsgrensa, medan den verste sanksjonen for større, havgåande farty som bryt reguleringane i den norske økonomiske sona mellom 4 og 200 nautiske mil frå kysten, er bøter.
SV meiner fiskejuks skal straffast, og at det grove jukset som er ein direkte trussel mot ressurssituasjonen, må sanksjonerast slik at det ikkje motiverer til gjentaking.
Likevel må ein skilje mellom juks som skjer medvite fordi det er økonomisk gagnleg, og juks som skjer fordi det ikkje er til å unngå på grunn av eit tidvis komplisert regelverk.
SV ønskjer ikkje å nedvurdere eller bagatellisere jukset i fiskerinæringa, men meiner det er viktig at sanksjonane blir oppfatta som rimelege og i tråd med alvoret i lovbrotet. Det er bra at arbeidet mot juks blir intensivert, men det kan umogleg vere etter intensjonane at enkelte blir straffa hardare enn andre ut frå avstand til kystlinja. Det blir ekstra urimeleg når dette viser seg å kunne gi utslag i forhold til fartygrupper.
Det er på denne bakgrunn spørsmålet blir stilt.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Ein god og effektiv kontroll med det som vert teke opp av havet er ein grunnleggjande føresetnad for at vi skal lykkast med målsettinga om berekraftig utnytting av våre marine ressursar. Sentrale verkemiddel for å få til dette er den innsats som kontrollmyndigheitene utøver til havs og på land, den trussel om straff ein blir møtt med ved brot på fiskerilovgjevinga og ikkje minst at organisasjonane og sentrale aktørar innafor næringa klart syner haldningar som støttar opp under behovet for kontroll med ressursane.
Når det gjeld bruken av straff er eg samd med representanten Elvik i at kvotejuks og annan form for ulovleg aktivitet ikkje skal løna seg og at straffa for slike brot må spegle det ansvar den enkelte har som forvaltar av ein felles ressurs. Det må slåast hardt ned på alvorleg miljø- og økonomisk kriminalitet.
Elles er eg glad for å kunne opplyse representanten om at det spørsmål som blir reist kviler på sviktande grunnlag. Statsadvokaten for Troms og Finnmark har gjort det klart overfor meg at utsegna om bruk av fengselsstraff i avisa Nordlys er teke ut av sin samanheng og såleis ikkje representerer statsadvokatembetet sitt syn på saka. Sjølvsagt er det framleis slik at fengselsstraff kan væra ein aktuell straffepåstand overfor norske fartøy som gjer seg skuldig i alvorlege brot på lovgjevinga i Noregs økonomiske sone. Eit anna forhold er det at vi har ei folkerettsleg forplikting til ikkje å nytte fengselsstraff overfor utanlandske fartøy som bryt fiskerireguleringane i den økonomiske sona.
Eg konstaterer dermed med velnøye at det ikkje er grunnlag for å påstå ei forskjellsbehandling på dette området mellom den kystnære fiskeflåten og den delen av flåten som haustar lenger til havs.