Skriftleg spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:72 (2001-2002)
Innlevert: 11.12.2001
Sendt: 12.12.2001
Svart på: 19.12.2001 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Sist år gjorde Stortinget vedtak om endringar i reglane for etterlattepensjon i offentlege pensjonskasser. Den førre regjeringa kompenserte kommunesektoren (både kommunane og fylkeskommunane) for meirutgifter knytta til desse endringane.
Meiner statsråden at desse midlane også burde komme ASVL-bedriftane til gode?

Grunngiving

ASVL-bedriftane melder om at meirkostnadene for medlemsbedriftene vert 5 millioner kroner, og at dei ikkje har fått nokon kompensasjon for meirkostnaden. Bedriftene må såleis dekke kostnadene over sine driftsbudsjett, noko som gjer mindre midlar til å tilretteleggje tiltak for dei svakaste på arbeidsmarknaden. Om dette medfører riktighet, bør statsråden sjå på kva som kan gjerast for desse bedriftene.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Eg viser til brev av 11. desember med spørsmål om kompensasjon til ASVL-bedriftar for meirutgifter til barne- og etterlattepensjon.
Kommunal- og regionaldepartementet sende 2. juli i år eit rundskriv til kommunar og fylkeskommunar. Av dette rundskrivet går det fram at Stortinget si avgjerd i denne saka innebar ei dekking av kommunesektoren sine meirutgifter til barne- og etterlattepensjon med 1,25 mrd. kroner. Det vart særskilt understreka at meirkostnader ut over dette måtte dekkjast av den einskilde kommune. Krav om ekstraløyvingar er blitt avslått av Stortinget.
Frå Kommunal- og regionaldepartementet si side er det ikkje lagt føringar på kommunane si fordeling av løyvinga på 1,25 mrd. kroner. ASVL-bedriftar er organsiert som aksjeselskap med kommunal eller fylkeskommunal aksjemajoritet. Det er difor opp til dei kommunane som eig ASVL-bedriftane å avgjere om ein vil kompensere for dei meirutgifter som bedriftane er påførte som følgje av nye pensjonsreglar. Bedriftane må ta saka opp med eigarkommunen og ikkje med staten.
Eg kan ut frå dette ikkje sjå det er grunnlag for å kome med tilrådingar til kommunane om korleis løyvinga på 1,25 mrd. kroner skal fordelast.